torsdag, mai 09, 2013

Dagbok 2013: 9.mai

Klokka er13.00. Det er overskya,opplett og nesten 18+-grader. Nydelig vêr til å gå tur i og vi har alt vore på ein, kanskje blir det fleire? No for Nils bort på kaia og skulle sjå om han fekk ein lyr.
For å fortelje kvar vi har vore i dag, må eg først forklare noko. Eit stykke ovafor byggefelta i Grepalia og Sjagerlia, har dei greve ei stor grøft for å fange opp alle småbekkane frå fjellsida, på same måte som dei har gjort her på Vallabøen. Nedanfor denne grøfta har dei laga ein fin, brei grusveg der folk likar å gå tur.
I dag gikk vi der for første gong. Vegen går frå Morkagjølet til 1.vasshuset, der den møter Skålavegen.
Vi starta ikkje i Morkagjølet, men ytst i Haraldsgata, der det går ein veg opp til Kanalvegen, som den nye vegen blir kalla. Somme likar  namnet dårlig, og meiner den skulle heitt Grøftevegen eller Veitevegen. Det er jo ingen kanal dei har greve, men ei grøft ellet veit. Kan til dels vere enig i det, men det er vel vanskelig å endre eit namn som alt har festa seg. Kanalvegen er verken tung eller bratt å gå, så det passar bra for slike som meg.
Vi bestemte oss for å gå oppover først, og vi trefte sjølvsagt på folk vi kjenner og som vi kunne slå av ein prat med. Vi kom så opp til 1.vasshuset, der drikkevatnet til Ørsta blir tilført kalk om det trengst. Vi såg på den bratte Skålavegen, og slo i frå oss å gå på den i dag.Men det var betryggane å sjå at det er trygt å gå der.

 
 
Vi gjekk tilbake same vegen, og nesten ned til Morkagjølet, men snudde då det vart litt bratt. Vi har såleis forska ut nesten heile den nye vegen, og kjem nok til å gå der oftare. Vi kan kome oss til vasshuset herifrå utan å bruke bil, om vi kjem oss over elva.Bilda vart ikkje gode i dag. Hadde berre lommekamera, og det fuskar. Langt frå alle bilda eg trudde eg tok, var komne med.
Denne marka vert dyrka, og ikkje lagt ut til tomter, det er på grunn av rasfaren.
Greidde å snike med Melshornet i dag også.
 

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 21.02,temperaturen ute er +5 grader C og det regnar. Ikkje direkte julestemning, men greit nok for meg, eg slepp i alle fall å...