lørdag, desember 28, 2024


 Klokka er no 21.02,temperaturen ute er +5 grader C og det regnar. Ikkje direkte julestemning, men greit nok for meg, eg slepp i alle fall å moke snø.

 I dag sov eg lenge og stod ikkje opp før klokka var 10. Etter frokost etc. tok eg ein tur på Vernet og der trefte eg ei kollega-venninne som eg brukar å treffe der av og til. Vi hadde sjølvsagt mykje å snakke om. 

Eg visste no at det var kvardag i dag, så eg kunne handle viss eg ville. Men eg skulle ikkje ha noka anna enn at eg ville kjøpe meg ein kalender-Sunnmørs-kalender. Eg har hatt fleire slike før og dei er så gode å sjå når eg sit ved bordet. Ja, og så er der mange fine bilde. Det var no litt kjekt å ha ærend på ALTI. Eg trudde ikkje der var så mykje folk i dag, men der var full rulle. PÅ laurdagar er det ofte mange tilreisane på ALTI, men eg trefte no ei eg kjende også, "Feliz Navidad "sa ho- eg går i lag med henne på spansk- nemlig.

Til middag i dag vart det restar og eg trur eg har nok til i morgon også. 

Elles set eg mykje og ser TV og strikkar, som vanleg.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...