søndag, desember 29, 2024

Dagbok 2024:29.desember

 

                                                                   Akkurat no

Klokka er no 16.07, temperaturen ute er + 2grader og det regnar. Og det er mørkt. Men sola har snudd så det går rette vegen.

Det har ikkje hendt så mykje i dag, og det som HAR hendt var ikkje så kjekt.Eg var rimeleg tidleg opp i dag. og etter ei stund skulle eg dusje, det var då det skjedde. Menseg stod i ro inne i dusjen,begynte matta som eg stod på å sige bortover sik at eg blei sittande på "golvet" i dusjen, utan å grei å reise meg opp. (Det var truleg kome mykje såpe i vatnet)Det var ikkje vondt og eg hadde ikkje slått meg, så det var ikkje farleg. Men eg kunne ikkje reise meg opp og det var vanskeleg å komme opp og ut. Men eg hadde ikkje noko val-dette måtte eg greie sjølv.Og etter litt plunder kom eg meg ut på golvet,og etter enda meir plunder greidde eg å reise meg opp.Eg veit at eg burde hatt eit handtak inne i dusjen, og eg har mange handtak liggane. Men inne i dusjen er det ikkje råd å skrue noko fast.

Men eg kom meg på beina og fekk på meg klede , så alt var i orden då Marit kom ned litt seinare. Vi diskuterte Dusjkabinett og sikkerheit, for ho har det samme problemet.Den matta som eg har på golvet i dusjen løsnar når det blir mykje såpe, og det vart det i dag. Men eg skal undersøke om ein kan sikre seg på andre måtar. Det er vanskeleg å sette opp handtak når alle veggane er av glas. Dette var temaet vårt i dag mellom anna. Ho skal ut til Kjartan i morgon og då skal eg mate Lollo

No har eg ete siste resten av Gulasjen til middag og det blir ikkje tur ut i dag, for det vart bekmørkt før eg hadde ete ferdig. Så blir det vel å strikke på lestane eg held på med-og så sjå TV. Eg har lyst å strikke meg ein ny genser, for dei er har, er mykje brukte. Eg tek gjerne imot råd og tips frå døtrene mine. I morgon er det yrkedag, og takk for det- Det kan hende eg må hamdle litt  til nyttårs-aftan men eg har no mat -så eg slepp å svelte.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...