mandag, desember 30, 2024

Dagbok 2024: 30.desember

                                       Geir har moka tunet i dag
 


Klokka er no 19.07, og det er så vidt der er ei kuldegrad eller to . Men i dag vart eg overraska med mykje snø på tunet, noko spom eg ikkje var særleg glad for. Det er ikkje berre det at eg er lat, men eg er ikkje heilt god i den handa eg braut i fjor-og så er det no tungt. Eg tok på meg høge gummistøvlar og gjekk ut i garasjen etter ved. Eg har fyrt litt i omnen i dag, og slo av varmepumpa mens eg tøka klede i trommelen. Eg hadde ein nokså stor klesvask i dag, så det var godt å få den unna.Dei store dukane ligg til tørk på stativet, men dei er ikkje stryketørre enno.

Eg har sete og sett mykje TV i dag, det meste har eg sett før, eg har i heile dag følt på at det er helg, så eg har ikkje gjort så mykje, men eg laga middag til meg sjølv, det gjer eg ikkje kvar dag. I dag vart det pølser og potetstappe, etter at eg har fått i meg restane av gulasjen i går. Tok med meg ein kaffikopp inn att i godstolen.Eg treng ikkje å gå i detalj om det eg har gjort, men det eg ikkje fekk gjort var å fare på butikken sidan det var så mykje snø. No spørs det om det er råd å komme ut i morgon. Det er no nyttårsaftan, så eg burde kanskje kjøpe noko godt til kvelden. Men eg greier meg med det eg har viss det bli problem me å komme seg ut.

Marit har vor på besøk til Kjartan i dag, så eg har passa Lollo. Ho kom ikkje då eg ropa på henne, men så gjekk eg opp på platten deira og ropte på henne og då kom ho frå garasjen. Det vart ikkje så spennande innhald i bloggen i dag-men det er ikkje bra viss det blir for spennande heller. Eg skal sette inn bilde når eg får nok straum på telefonen.

 

 
                                  Eg skal moke trappa i morgon

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025. 16.april

 Klokka er no17.18,og akkurat no skin sola, det gjorde ho på føremiddagen også, men så kom der ei regnbyge midt på dagen.Eg var tidleg oppe ...