fredag, desember 27, 2024

dagbok 21024:27.januar

 


Klokka er no17.13, temperaturen ute er +5 grader C,og i år har vi ei veldig grøn jul. Det er i grunnen greitt for meg,men når eg ser ut på hagen, tenkjer eg på at eg skulle ha hatt ein mann med motorsag som kunne ha klipt epletreet. Men det får vere til det lid på våren.Eg synest det er fint med grøne plenar, men det er liksom feil for årstida.

Eg stod ikkje opp grytidleg i dag og det første eg gjorde etter frokost var å gjere ferdig sudokuen frå i går. Så tok eg ein heilt alminneleg "fredagsvask" og sette på oppvaskmaskin etc. Akkurat som ein vanleg fredag. Middagen min var litt uvanleg, for då åt eg karamellpudding som Solveig hadde laga og kom hit med i går. Den var altfor god til å "kome vekk". Eg hadde tenkt at eg skulle komme meg ut og gå tur i dag, men det har ikkje skjedd enno i alle fall. Eg kveikte i omnen og sette meg til å småsove og sjå TV. 

Eg kan no gå tur om det er mørkt, det er gatelys over alt,nesten ,og eg har lommelykt. Men eg trur eg ventar til i morgon. Eg trur ikkje eg treng å handle i morgon,men eg får no sjå etter om eg har det eg treng om det skulle komme eit menneske. Eg har ferdigkjøpte småkaker og kransekake om eg skulle få besøk, men det får eg vel ikkje.

Eg trivst godt åleine også, men er det nokon som vil kome er dei velkomne.

Eg håper alle er friske etter kvart- "Regn i kveld " står det å maskina mi. Regnet slepp vi å moke i alle fall. 


                                        Grøn jul

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025. 16.april

 Klokka er no17.18,og akkurat no skin sola, det gjorde ho på føremiddagen også, men så kom der ei regnbyge midt på dagen.Eg var tidleg oppe ...