torsdag, desember 26, 2024

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

 


Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. Kvit jul er det i alle fall ikkje. Eg var tidleg oppe i dag og begynte å gjere klart for juleselskap. Det har i mange år vore ein tradisjon at barn og barnebarn har vore her i Starevegen på 2.juledag.

Så i dag kom døtrene med barn på besøk.

Eg hadde laga gulash i dag også, men no må eg snart lære meg ein ny rett, trur eg, slik at eg kan variere kosten. Margrete kom i lag med Svein og alle fire barna. Solveig og Øystein hadde med seg dei to eldste gutane. Dei skal tilbake til Oslo i morgon, men eg forstod det slik at dei skulle komme att. Einar jobbar no i NRK, men han skal tilbake til Sunnmørsposten, slik eg forstår de. Etter at gjestane for har eg rydda og vaska opp både i maskina og med hand. Det er heldigvis yrkedag i morgon så då får eg shine opp litt

det er ikkje slutt på jula enno. frå gammalt av varte jula til 13,januar,20. dag jul . No må eg sjå litt på TV -en har ikkje hatt den på i dag.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

  Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. Kvit jul er det i alle fal...