lørdag, februar 02, 2013

Dagbok 2013: 2.februar.

 Klokka  er snart 19.00. Temperaturen ligg omkring 0 grader og vi har hatt både snø, regn og hagl i dag. Men kva anna kan vi vente oss i Ørsta i starten av februar? Eg ønska meg snø, men litt kaldare enn no, og sparkeføre. Andre ønsker seg sol og sommar, det gjer eg også, men ventar ikkje slikt vêr i februar. No håper eg at vegane kan bli skikkelig skrapa slik at vi kan gå på dei.
Nils starta dagen med å moke tunet med snøfresar, men gjekk over til handkraft etter kvart. Snøen var våt og tung. Men han likar å få litt trening og er bra i form.
I dag hadde vi eit ærend på biblioteket, der Nils skulle låne fleire bøker om ishavsskuter. Han driv framleis og forskar på prosjektet sitt.
Så måtte vi til Volda for å kjøpe ein erm-pinne nr.3,5 -merkelig nok hadde eg ikkje det i samlinga mi. Mat handla vi på Rema 1000, men var innom Amfi såpass eg fekk litt mosjon. Der var mykje folk i dag også, men vi trefte berre ein vi kjende, og det var Harald.
Vi hadde bestemt oss for ein tur på Føniks kaffibar i dag, men der var stappfullt som vanlig. Stakk innom Asia-butikken i gågata og kjøpte tomatar, som luktar slik tomatar skal lukte. Litt anna smårusk blei det også. Håper at butikken skal klare seg, og det trur eg kanskje, for eg ser at her er komne mange nye innvandrerar i bygda no.
Då vi kom heim laga eg Taco, før vi slappa av på sofaen og i reclineren.Ja, eg veit at det er fredag som er Taco-dag, men vi gamle gjer som vi vil! No blir det vel strikketøy og TV resten av kvelden.
Nydelig islandsk ullgarn på butikken i Volda.

3 kommentarer:

solveig sa...

Kjekt at dei har fått Asiabutikk i Ørsta. Håper mange handlar der!

Bjørg sa...

Det er nesten uverkeleg å sjå snøen i Ørsta. Det er vel slik det ser ut i Larvik og.
Det garnet ser fint ut. Eg har med strikkety, til lestar og sjal. Men det blir ikkje så mykje strikking som eg hadde tenkt.

Besta sa...

Nei, men du har vel strikka frå deg for ei stund. Det var fargane i det garnet som fascinerte meg. SÅ mange nyansar. På nettet finn du mange fine genserar som ein kan strikke av det.

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...