Klokka er no 17.00, og det mørknar ute. Det har vore ein strålande dag med sol og blå himmel her hos oss.Men det er nokså nattekaldt, så snøsmeltinga går seint. Det er stort sett bert på vegane. No er temperaturen ca 0 grader C.
I dag var eg oppe før sola kom ned til oss, men det vart ei stund før vi kom oss ut på tur. Ikkje blei det nokon lang tur heller, berre rundt her på Vallabøen. Men vi må vere der sola er, og nede i sentrum og på andre sida av fjorden, er det grått og kaldt. Både i fjor og året før hadde vi finevêrsperiodar i oktober-november, men då var det bert og relativt mildt så vi kunne styre med ting ute.Det går ikkje no, for det er snø og frosne markar.
Det har vore ein veldig rolig dag i dag. Etter middag har eg strikka litt mens eg høyrer lydbok.Og så blir det vel litt TV utover kvelden.
Frå Olavsgata opp mot Vallahornet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Her er det snøfritt!
Legg inn en kommentar