søndag, oktober 07, 2012

Vêrmelding 7.oktober - 2012

Klokka er 18.00. Temperaturen + 8 grader C og det styrtregnar ute. Det har det gjort heile dagen.Så vi har hatt ein innedag. Eg har alltid noko å pusle med, og så såg vi Stjernekamp i reprise. Det er svært sjeldan at eg ser TV før klokka 21 om kvelden, unntaka er fredag og laurdag.
Litt husarbeid finn eg alltid, og så har eg strikka litt og høyrt bok. Til middag steikte eg sei. Det smakte godt etter to dagar med hjortegryte. Eigentlig vil eg helst sove, blir veldig trøtt i dette vêret.
Fekk melding frå Rasmus i dag, då var dei i Bjørneparken. Dei får med seg  litt langs med når dei reiser til og frå Ørsta.
Ein av naboane våre har vore svært sjuk siste tida, og i dag døde han. Det er sjølvsagt trist, men når det ikkje var von om betring, var det godt at han slapp å lide meir. Det tynnest i rekkene. Kona hans døde for mindre enn to år sidan, dei var begge fødde samme året som eg. Vi har kjent kvarandre sidan vi alle dreiv og bygde her for snart 40 år sidan, og etter at vi vart pensjonistar har vi hatt meir med kvarandre å gjere enn før. Vi kjem til å sakne Peder og den smittande latteren hans.
Eg legg ut eit bilde frå i sommar av tre gode naboar på plenen vår.Dette var i mai.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Det var trist med Peder. Tykte eg kjende igjen bildet.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...