lørdag, oktober 06, 2012

Vêrmelding 6.oktober - 2012


Klokka er 18.45, temperaturen er + 8 grader C og det har regna nesten heile dagen. Eg hadde sett fram til å late meg i vakkert haustvêr i dag, men det håpet brast fort.
Rasmus med familie kom seg av garde og hadde tenkt å nå 9.30-ferja. Det gjorde dei tydeligvis ikkje, for første meldinga kom frå Innvik. Så det vart Kviven i dag. I 16-tida var dei komne fram til Gol, der dei skal overnatte på Pers hotell. Så då blir det bading og leik. Det har vore ei kjekke veke, litt meir aktiv enn det som er vanlig for meg.
Vi sette i gang med rydding, vasking, støvsuging og klesvask etter at gjestane var reiste, og  eit par timar seinare såg her skaplig ut. Eg las ut boka mi og fekk ein liten middagslur, men så vart det brått så stilt. Nils for bort på terminalen for å fiske og eg fann litt klede å stryke......dvs." tilbake til det normale." 
No ser eg fram til "Skal vi danse" på TV 2. MÅ sjå det sjølv om eg hatar reklame på TV. Og eg likar heller ikkje uttvaringa av programmet. Det skal jo vere like langt anten det er ti par eller to.
Heller ikkje i går fekk eg gå måneskinstur med gutane, men seint på kvelden oppdaga minstemann månen frå kjøkenglaset-langt i aust. Då kom eg på at det var noko dei snakka om før  "austamåne", men eg veit ikkje kva tyding det hadde. Mellombror har i alle fall lova at han skal tenke på meg kvar gong han ser månen. Og ikkje berre meg, men også Apollo 11 og den første bemanna måneferda. Vi har studert emnet nøye.
No ser eg fram til at det blir operatur med Pensjonistlaget komande tysdag. Vi skal til Opera Nordfjord og sjå Madame Butterfly. Nils skal ikkje vere med, men eg har no mange andre venner.Vi skal på kunstutstilling i Gamlebanken og vi skal ete middag på Kyrkjetun. Eg må med skam melde at eg ikkje har besøkt verken den eine kunstinstitusjonen eller den andre i mi eiga heimbygd. I fjor hadde eg meldt meg på operatur, men då vart eg sjuk,dvs.forkjøla. Vi skal reise frå Ørsta klokka 13.00, om det blir Kviven på veg bortover, veit eg ikkje. Dei fleste har vel allereie reist vegen.

2 kommentarer:

solveig sa...

Fordelen med å ha opptaksboks til TV-en er at ein mellom anna kan sjå "Skal vi danse" på ein liten halvtime.

Besta sa...

Sjølvsagt, eg må skjerpe meg litt, men eg har jo ikkje lita tid akkurat,men eg synest "fyllstoffet" deira er direkte tåpelig somme tider.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...