mandag, oktober 22, 2012

Vêrmelding 22.oktober - 2012

Klokka er 18.00. Ute er det overskya og opphaldsvêr akkurat no, før i dag har det vore skodde og regn. Typisk at det blir litt lettare mot kveld. Temperaturen er + 8 grader. Men viss yr.no melder rett, blir det vinterlig vêr lenger ut i veka.I fjor hadde vi ikkje vinter før oppunder jul, og ein fin novembermånad med blomster i hagen. Ikkje slik i år.
I dag styra eg på inne på kjøkkenet heile føremiddagen. Eg laga kakebotn og baka brød, og innimellom rydda eg skap.Eg raspa gulrot og kålrabi på den nye maskina mi , så i dag vart det råkost attåt den steikte seien. 
Måtte legge meg på sofaen ei stund etter at vi hadde ete, for sist natt slo hofta seg vrang så eg sov ikkje så mykje. Typisk at den begynner å trøble etter at ryggen har kome seg til. Ja, det er no ikkje noko stort problem, det hjelper å røre litt på seg.
No er Nils ute og går tur, han er litt flinkare å komme seg ut enn eg er. 
Og der ser eg månen i søraust, han er så halv som det går an å bli.(Sjekka kalenderen for sikkerheits skuld.)Kanskje eg skal ut og gå når det blir mørkare. Saknar Kongsberg-gutane å gå måneskinnstur med.Eg likar å gå der som det er skikkelig mørkt, slik at eg ser både stjerner og planetar. Ikkje så lett her i bustadfeltet.

2 kommentarer:

solveig sa...

Den maskina di såg god ut. Kan delane vaskast i maskin?
Fint haustbilde!

Besta sa...

Maskina er lettvint, men ikkje så sterk og effektiv som fooprosessoren. Egnar seg best til små mengder. Delane kan sikkert(?) vaskast i maskin, men eg har berre skylt dei under springen.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...