fredag, september 07, 2012

Vêrmelding 7.september - 2012

Klokka er snart 18.00, ute er det overskya med kraftige regnbyger, men det hender vi får eit solstreif mellom bygene. Temperaturen er + 10 grader C.
Føremiddagen gikk med til litt kakebakst, lenge sidan sist eg laga kaker, så no var det tomt i frysaren. Brukar eigentlig berre å bake til jul og diverse fødselsdagar; Nils og eg et aldri kaker når vi er heime åleine. Med eitt unntak - fiskekaker.Som vi for øvrig hadde til middag i dag. For ein gongs skuld i brun saus.Kan ikkje seie eg er så begeistra for akkurat det, men vi hadde god saus att frå tidlegare i veka. Til vanlig brukar vi anten å steike dei på panna eller varme dei i steikomnen, det siste er best.
Etter at vi hadde slappa av ei stund, tok vi ein tur ut på Rjåneset for å ause båten og gå litt tur i styggeveret. Det var då eg kjende at eg hadde litt vondt etter turen i går. Må passe meg å ikkje overdrive mosjonen, for då blir det berre elende.
Eg likar godt å ta bilde der ute. I dag fanga eg opp ein stor båt som var på veg ut fjorden med trelast. Det blir skipa ut mykje tømmer frå Ørsta-terminalen i år, takka vere Dagmar.
Så vil eg nytte høvet til å ønske alle ei god helg, same kva de skal ta dykk til.


Eg likar alltid å sjå på tre og andre plantar som veks langs vegane. Langs stigen på Rjåneset er det ei blanding av ville vekstar og forvilla hageplantar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...