onsdag, august 08, 2012

Bok nr.40 - 2012: Dager i stillhetens historie.

Denne boka las eg ut sist natt. Men oppdaga at eg mangla nokre spor(dei fleste) på siste plata. Kan ikkje uttale meg saklig før eg har fått med meg alt.Kanskje er det der nøkkelen og oppklaringa ligg?
Boka handlar om eit eldre ektepar som begge har ei fortid dei ikkje snakkar om. Boka har fått gode kritikkar og mange prisar, men skal eg vere heilt ærlig, så syntest eg den var dødsens kjedelig.
Forfattaren las sjølv, og det så sakte at eg heldt på tørne. Det kan godt hende eg tek boka att og les den igjen, og kjem til ein heilt annan konklusjon. Særlig sidan eg har nesten ei heil plate til gode.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg synest boka hadde ein slags X-faktor. Men opplesinga burde vore overlatt til profesjonelle.

Besta sa...

Margrete skal rippe og sende dei spora eg manglar'dwenne meldinga skriv eg på ipad

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...