Klokka er no 19.30. Det er fint, lettskya ver ute, med sol av og til og litt vind.Varmt er det ikkje, så eg trur vinden kjem frå nord.Temperaturen er +12 grader C.
I dag før middag gjorde eg litt husarbeid før eg sette meg til med "kontorarbeidet" mitt. Det blei mykje frustrasjon i dag sidan datamaskina ikkje oppfører seg som ho skal, og scanneren var heller ikkje i form.Og mens ein prøver å få orden på sakene, går tida.Fikk no gjort det eg skulle, stort sett.
Til middag hadde vi heimelaga fiskepudding i kvit saus, det smakte godt!
Middagslur vart det også i dag.
No i kveldinga har Nils gått tur i skogen, og eg gikk rundt Storebakken, var ikkje heilt god i hofta/foten, så det blei ingen langtur. Tok mange bilde, mellom anna av eit lite ekorn som sat på ei grein. Men eg fekk ikkje kome nær nok.
No skal vi sjå "4-stjerners middag"-om lag det einaste TV-programmet vi ser i lag.
Reknar ikkje med at eg får til å legge inn bilde i dag heller.
I dag fyller naboen vår 70 år. Vi naboane skal feire han seinare på våren, i dag har han andre gjestar.Gratulerer med dagen, Torbjørn!
Dette er ein kvernkall som ein nabo har laga til. Han er tidlegare rørleggar.
Bildet øvst er frå hagen til ein annan nabo.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar