mandag, mars 19, 2012

Vermelding 19.mars - 2012

Klokka er ca 9.30, temperaturen er +2 grader C, og som de kan sjå av bildet, har det kome snø. Plogen kjørte nettopp forbi. Gårsdagen starta med DET fine veret, men utover dagen fekk vi både vind, regn, torever og snø. Slik er våren på våre kantar, veret snur på femøringen. No er det ikkje så mykje snø som det kan sjå ut på bildet; utanom brøytekantane er det ca 10 cm.
I dag tenkjer eg på farmora mi. Ho var fødd 19.mars 1878. Den tida budde familien i Sarpsborg, men flytta seinare til Oslo, der dei budde på Etterstad. Far hennar var entreprenør og bygde m.a. fabrikkpiper og fyrtårn. Han hadde tilnamnet "Tårn-Olsen". Bestemor gifta seg med Olaus, som var stasjonsmester på Skarnes den tid far min vaks opp. Ho vart tidlig enke, og gifte seg seinare med Eivind frå Eid, og slik hadde det seg at familien vart Nordfjordingar. Bror min driv mykje med slektsgransking, så om eg har skrive noko feil, får han berre arrestere meg. Bestemor sin bursdag vart alltid feira, og det vart liksom det første vårteiknet. Då kom det sviblar i gartneriet, derfor minner denne blomsten meg om bestemor. Ho fekk leve til ho var 91 år gammar.
I dag ventar eg Margrete og tre av barna til middag. Begge jentene skal på ballettøving her i Ørsta, men Eirik kjem ikkje, for han skal på fotballtrening i Volda.Det er stor aktivitet i familien.
I morgon er det Seniorkino på Kulturhuset klokka 13.00. Eg skreiv om filmen i laurdagsavisa, men kan ikkje skrive klokkeslettet for då blir det "annonse" og vi må betale i dyre dommar. Når eg berre skriv "omtale" er det gratis. Det er den norske filmen "Into the white" vi skal sjå denne gongen.

5 kommentarer:

arieldog sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
arieldog sa...

Eirik sende melding om at han kjem likevel. Utetrening var ikkje aktuelt.

Besta sa...

Tenkte på det, faktisk. Kjekt at han også kjem.

Elin sa...

Rart med slike gamle merkedagar, dei gløymer ein ikkje. Om to dagar er det mormor Bella sin dag, den var ofte vårjamdøger og lett å hugse. Lukke til med middagsselskapet. Eg skal også ha gjester, skal tilberede laksen, eller ørreten, som Aron var med og fiska i lag med faren og farfaren sist veke. Den skal tidleg krøkast! Og mine fiskekunnskapar er visst mangelfulle..

solveig sa...

Heldigvis forsvinn denne snøen fort. Sviblar var vårblomst, ja!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...