Klokka er berre 12.30, men vi var tidlig oppe i dag. Eg trur det må vere den innebygde sommartida som begynner å virke. Hadde den berre virka om kvelden også ! Ute er det same gråveret som i går; skodde og regn, temperaturen er + 7 grader.
Heile føremiddagen, så langt, har gått med til steiking av krumkaker. Eg plar bruke ei oppskrift med potetmjøl når eg skal frakte kakene, men dei blir ikkje så gode då som når eg brukar ei vanlig oppskrift. I dag dobla eg oppskrifta som eg i si tid fekk av vertinna vår på Engeset. Den liknar på "eggenes vekt" men inneheld litt meir smør. Eg steikte godt over 50 kaker, så eg frys ikkje på hendene. Om eg får kakene med meg i heila, står att å sjå.
Det blir snart middag, og så har eg planar om meir eg skal gjere seinare i dag. Det er godt ver å vere inne i, for å seie det slik, men eg må kanskje ein tur på butikken. Det blir fiskekaker frå frysaren i dag, men i morgon skal Nils visstnok ut og fiske. I morgon e.m./kveld er det pensjonistmøte, og onsdag eller torsdag reiser eg/vi til Molde. Det kan hende Nils må steppe inn som vikar, og då reiser vi oppover kvelden før møtet og overnattar. Time will show.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar