Klokka er no 12.45, utetemperaturen er minus 2 grader C; det er nesten klårt og nydelig ver.
Sette høna er kjøpte i går på kok, og då sola kom ned hit til oss, var vi klar til å gå tur. Vi gjekk opp Storebakken, og så tok vi av og gjekk eit stykke opp gjennom skogsvegen, Stien var såpass hardtrampa at det gjekk bra å gå eit stykke oppover. Vi måtte forsere eit par graner som låg over vegen, og etter kvart vart snøen for mjuk, så vi snudde ned igjen.
Eg hadde sparken med meg, så i nedoverbakkane gikk det lett, og Nils fekk skikkelig mosjon sidan han måtte springe langsmed.Han fekk tilbod om å sitte på, men takka nei. Han er litt pysete sånn. Stolar vel ikkje på pirattaxisjåføren.Det var i alle fall ein heilt herlig tur i fineveret-ikkje særlig kaldt ein gong.
No driv eg og kokar inn hønsekrafta til Mulligatawny-suppa som eg skal lage etter oppskrift frå boka "Smalhans". Meiner Solveig har lagt oppskrifta inn på bloggen sin. Så får vi sjå om det blir ein favoritt eller ikkje.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
3 kommentarer:
Kjekt at de er i fin form og nyt fineveret.
Olaug hadde lyst til å gå på ski etter "ung messe", men her er akkurat for lite snø.
Viss fineveret varer, kan de ta ein tur inn på Bondalseidet-der er mange fine løyper.
Legg inn en kommentar