mandag, januar 23, 2012

Vermelding 23.januar - 2012


Klokka er13.15, det er lettskya, fint ver og temperaturen er minus 1 grad. Tidlegare i dag var det kaldare, men då var det sol og klårver.
I dag har vi vore ein tur fram i Nupen; eg med spark og Nils på føtene. På den måten slepp han å gå så seint som eg, og eg kan klare mykje lengre  turar enn om eg går på føtene.
Framme i Nupen er det berre ein gard som er i drift, og der sluttar vegen, dvs den går over til "seterveg" som er køyrbar heilt fram til Vallasetra på sommarstid.Då vi kom fram til huset der vi budde ein gong, gjekk vi inn i skuggelandet, men gledde oss til å kome inn at i sola på tilbakevegen. Då hadde det skya over. Men vi hadde ein fin og frisk tur. Hadde ikkje Nils lokka meg ut, hadde eg vel funne noko å gjere inne kjenner eg meg sjølv rett. Fekk vaska og rydda litt på kjøkkenet før vi gjekk ut, så eg slapp å kome heim til rotehus. No har eg sett fiskekaker til varming i steikomnen, så i dag blir det enkel middag. Skal snart lage fiskekaker igjen, lagar ikkje mykje om gongen, dei er best nylaga.
Vi pensjonistar har det som plomma i egget så lenge vi får vere friske. Kan gå tur midt på føremiddagen, og har ingen andre plikter enn å stelle for oss sjølve. Det er berre eit aber, og det er alderen.
Bilda er av Nupen-garden. Det treet som er heilt til høgre på første bildet, kjem att på venstresida av bilde nr.2.Bilde nr 2 skulle eigentlig hange i hop med nr.1. Fjellet på første bildet heiter Nupatippen-om eg ikkje tek feil.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...