tirsdag, oktober 04, 2011

Vermelding 4.oktober - 2011

Klokka er snart halv tre, ute har det til denne tid vore både regn og vind, men no ser det ut til at det skal lysne.Temperaturen er + 8 grader, så sommaren er visst definitivt slutt.
Ikkje all verda har skjedd hittil i dag, vi har stort sett chilla, men husmora har nettopp forsynt oss alle med vaflar til "lunsj". Vi har enno ikkje bestemt kva vi skal ha til middag.
Nils måtte ut og drage opp teinene. Krabbefangsten var ikkje stor, men han fekk diverse andre morsomme dyr som Eivind viser fram på bilda. Synest han er ganske tøff som torer å ta i "utyska".
I går ettermiddag/ kveld var dei to største gutane og eg ned på Vikemarka skule og "leika", der er det mykje kjekt å finne på. Og så var det så herlig å vere ute i den milde, sterke vinden. Gutane  meinte det var TYFON då lauvet kvervla rundt oss.
I morgon skal Rasmus med fam til Hareid og besøke Solveig, mens vi gamle må stille på møte i pensjonistlaget.

2 kommentarer:

solveig sa...

Lærerikt å vere i Ørsta!

Hildegard sa...

Litt av ein tøffing!

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

  Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. Kvit jul er det i alle fal...