Klokka er 20.15,temperaturen ute er + 10 grader C. Regn og grått har det vore i heile dag.
Dei to minste gutane er forkjøla, men det blei likevel tur til Hareid på dei i dag.
Nils og eg vart heime på grunn av pensjonistmøtet som var ei litt forseinka markering av Eldredagen. Sidan det ikkje begynte før klokka 17.00 fekk vi rydda litt i huset og slappa av ei stund før vi for.
Møtet/festen var, så langt eg kan bedømme,vellykka. Det de ser på bildet er koret "Berre damer" som høyrer til i Åmdalen, men blir dirigert av nabo Janne. Dei hadde tre nummer; bildet her viser eit revynummer som handla om sladder og strikkeklubb.Det var artig.No må eg berre skrive eit møtereferat. Møre- Nytt hadde visst lova å sende ein frilans-journalist, men vi såg ingen, så då får dei klare seg med meg.
3 kommentarer:
Du kan vel snart titulere deg frilansjournalist?
Ja, det er vel like før. Men i mitt tilfelle dårlig betalt.
Dei er sikkert underbemanna og veit av erfaring at du skriv gode referat?
Legg inn en kommentar