onsdag, oktober 05, 2011

Vermelding 5.oktober - 2011

Klokka er 20.15,temperaturen ute er + 10 grader C. Regn og grått har det vore i heile dag. 
Dei to minste gutane er forkjøla, men det blei likevel tur til Hareid på dei i dag. 
Nils og eg vart heime på grunn av pensjonistmøtet som var ei litt forseinka markering av Eldredagen. Sidan det ikkje begynte før klokka 17.00 fekk vi rydda litt i huset og slappa av ei stund før vi for.
Møtet/festen var, så langt eg kan bedømme,vellykka. Det de ser på bildet er koret "Berre damer" som høyrer til i Åmdalen, men blir dirigert av nabo Janne. Dei hadde tre nummer; bildet her viser eit revynummer som handla om sladder og strikkeklubb.Det var artig.
No må eg berre skrive eit møtereferat. Møre- Nytt hadde visst lova å sende ein frilans-journalist, men vi såg ingen, så då får dei klare seg med meg.

3 kommentarer:

solveig sa...

Du kan vel snart titulere deg frilansjournalist?

Besta sa...

Ja, det er vel like før. Men i mitt tilfelle dårlig betalt.

Hildegard sa...

Dei er sikkert underbemanna og veit av erfaring at du skriv gode referat?

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...