lørdag, oktober 01, 2011

Vermelding - 1.oktober 2011

 Klokka er ikkje meir enn 10.30,det er lettskya og fint ute, og temperaturen er + 18 grader C. Når eg skriv på bloggen så tidlig på dag, er det fordi eg har sett mørke skyer i sørvest, så det er usikkert kor lenge fineveret varer. Vi er ikkje altfor godt vande.Nils var oppe i gryotta og sette ut teinene så snart DET var lov. Han måtte fiske sei til agn, og kom også heim med ein balje full av småsei, så no blir det kokt fisk i dag etter opp til fleire fiskelause dagar.
 Her sit han og sløyer.Brukar oftast å gjere det mens han er på sjøen, men i dag bles det såpass at det ikkje var så godt å få til.Katten Nusse held han med selskap, men er ikkje med på bildet. Der var mange andre som også var ute med teinene sine i dag. No håper vi sjølvsagt på fin krabbefangst, hummar er heller ikkje å forakte, men det kan ikkje EG ete. Eg brukar å seie at eg har "hummar-allergi"-synest det høyrest litt fornemt ut. "Intoleranse"  er vel det rette ordet når det er mat ein ikkje toler. Men eg unner andre å nyte denne delikatessen.
Eg har ingen spesielle planar for dagen, anna enn at eg skal flytte ein plante og elles stelle litt i hagen-trur eg.Spørs kor lenge fineveret varer. Ha ein fin dag!

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Vi er imponerte over all fisken Nils får. Kjekt å sjå Ørsta!
God helg!

Besta sa...

Dessverre varte ikkje fineveret lenge.Men i morgon skal det bli betre igjen. Då kjem Rasmus med fam. God helg til dokke også.

Dagbok :Julaftan 2024

                                         Kvit jul i vinduskarmen Julaftan kl 22.54. Eg kom nettopp heim frå Hareid, der eg har vore i kveld....