Her sit han og sløyer.Brukar oftast å gjere det mens han er på sjøen, men i dag bles det såpass at det ikkje var så godt å få til.Katten Nusse held han med selskap, men er ikkje med på bildet. Der var mange andre som også var ute med teinene sine i dag. No håper vi sjølvsagt på fin krabbefangst, hummar er heller ikkje å forakte, men det kan ikkje EG ete. Eg brukar å seie at eg har "hummar-allergi"-synest det høyrest litt fornemt ut. "Intoleranse" er vel det rette ordet når det er mat ein ikkje toler. Men eg unner andre å nyte denne delikatessen.
Eg har ingen spesielle planar for dagen, anna enn at eg skal flytte ein plante og elles stelle litt i hagen-trur eg.Spørs kor lenge fineveret varer. Ha ein fin dag!
lørdag, oktober 01, 2011
Vermelding - 1.oktober 2011
Klokka er ikkje meir enn 10.30,det er lettskya og fint ute, og temperaturen er + 18 grader C. Når eg skriv på bloggen så tidlig på dag, er det fordi eg har sett mørke skyer i sørvest, så det er usikkert kor lenge fineveret varer. Vi er ikkje altfor godt vande.Nils var oppe i gryotta og sette ut teinene så snart DET var lov. Han måtte fiske sei til agn, og kom også heim med ein balje full av småsei, så no blir det kokt fisk i dag etter opp til fleire fiskelause dagar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok :Julaftan 2024
Kvit jul i vinduskarmen Julaftan kl 22.54. Eg kom nettopp heim frå Hareid, der eg har vore i kveld....
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
Vi er imponerte over all fisken Nils får. Kjekt å sjå Ørsta!
God helg!
Dessverre varte ikkje fineveret lenge.Men i morgon skal det bli betre igjen. Då kjem Rasmus med fam. God helg til dokke også.
Legg inn en kommentar