torsdag, april 07, 2011

Bok nr.22 -2011: Norsk attraksjon

Denne boka fekk eg av Einar til jul, og har hatt den som attåtlitteratur til lydbøkene.Dei fleste har vel sett programma til Linda Eide på TV og mora seg over dama som er like kvikk i kroppen som i kjeften.Faktisk har eg sett henne på svensk TV i Sverige også.
Denne boka inneheld "manuskripta" til programma, om ein kan seie det slik, og det er når ein les dei ein oppdagar at ho er ein framifrå skribent også. Folk som meiner at nynorsk er eit sidrumpa og gammalmodig språk burde lese denne boka. Då ville dei kanskje få eit anna syn på "sidemålet".  Det som eg likte ekstra godt er at folk blir sitert på rette målforma; dei som snakkar ein dialekt som ligg tett opp til bokmål, vert sitert på bokmål, og likeins med dei som snakkar nynorsknært. Viss dialekten er langt frå dei to skriftnormane, blir dei sitert på dialekt.
Dette er ikkje ei bok ein les fort frå perm til perm, men ei bok som ein kosar seg med innimellom.Ikkje berre er språket godt, men det er mange artige fortellingar.Trur eg skal ha den med på neste biltur, i tilfelle ein kjem forbi ein eller fleire av attraksjonane.
Eit lite døme frå boka. Beklager den dårlige tekniske kvaliteten på bildet, det kjem av at eg må scanne på ei maskin og legge inn på bloggen på den andre. Håper på betre tider etter påske.(Eg har merka meg at ho skriv tunellen, som faktisk er feil, i staden for tunnelen, som er rett. Men kanskje blir det rett å skrive tunellen, som er det vi seier?)
Solveig har sjekka og der er LOV å skrive tunell slik dei fleste seier.


6 kommentarer:

solveig sa...

Tunell eller tunnel? No er begge delar lov!

Besta sa...

Takk for oppdateringa. Må ha meg ei ny ordliste. Er det koma ei i handelen som du vil anbefale? Elles synest eg det er dumt at det er lov å skrive begge delar,det må gå an å bestemme seg for ei av formene. Dessutan veit eg at mange av dei orda eg sjølv skriv ikkje er godkjende i nynorsk, men eg er ikkje så nøye på det eg skriv på bloggen,det er ikkje eit offentlig dokument.

solveig sa...

Nei, på bloggen kan ein skrive som ein vil. Sjølv tek eg det som skrivetrening. Eg lever også av å rette andre. Eg bruker kun ordlista på nett - gratis og grei. Sjekk lenkje på høgre side av bloggen min.

arieldog sa...

Det går rykte på jobb om at det no skal bli lov til å skrive "dåkker" på nynorsk, i staden for "de" (subjektsform). Vi lurer på kvar det forslaget kjem frå - her på våre kantar, der nynorsken står sterkt, seier vi "dåkke".

Besta sa...

Og eg skriv konsekvent dokke til privat bruk.Problemet er at vi seier dokke både for de og for dykk.
No må de skunde dykk = No må dokke skunde dokke. Altså dokke både i subjekt-og objektsform.Tvilar på at det slår igjennom. Og dåkke med å blir jo heilt "feil" i og med at kort å-lyd vanligvis vert skriven o.

Besta sa...

Dåkker med r til slutt høyrest nordnorsk ut for meg. Vi må her i landet lære oss at ikkje alle kan skrive slik dei snakkar. Det kan dei ikkje i andre land heller.Gale nok at vi har to skriftspråk i norsk.
For å sitere ein gammal button: "Skriv nynorsk. Tal dialekt."
(Der skulle sjøvsagt ha stått: Skriv nynorsk eller bokmål. Snakk dialekt)

Dagbok 2024: 24,november-ein månad til julaftan-

Strikk og musikk Klokka er no 19.19, temperaturen ute er + 6 graderC , så no smeltar både snø og is-heldigvis. I dag har eg ikkje vore ute f...