fredag, mai 08, 2026

Dagbok 2026: 8. mai

No blomstrar Marit sin Rhododendron på det aller finaste, og eg ser den frå kjøkkenvinduet mitt og kan nyte synet. Så ser vi flagget litt lenger borte.Eg lurte litt  på med det samme eg var oppe i dag, kva vi skulle flagge for , men den fann eg fort ut.

Det var verken snø eller regn i dag, men litt vind var det, og mange skyer for sola.

Eg sat oppe på platten med Marit ei stund, så lenge sola var framme var det varmt og fint og vi kunne kose oss med ein kaffikopp. Erlend ville klippe plen, men eg hadde ikkje sekker til å ha graset i, så vi utsette det til seinare. Når eg kjem meg på butikk igjen skal det bli råd med nye sekkar. Vi har heldigvis VØR så vi slepp å kompostere all verda.

Sidan eg ikkje kom meg på butikk i dag fekk eg ein tur på Vernet, det er alltid kjekt, men i dag trefte eg ingen, det var vel for tidleg på dag. Eg laga meg middag då eg kom hein, for eg var ikkje heilt matlaus. Men i morgon bør eg kanskje komme meg på butikken.

                                                      Sjå dei snøkvite fjella langt borte.

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 8. mai

No blomstrar Marit sin Rhododendron på det aller finaste, og eg ser den frå kjøkkenvinduet mitt og kan nyte synet. Så ser vi flagget litt le...