onsdag, januar 05, 2011

Vermelding 5.januar 2011

Klokka er 12.30. Temperaturen er 0 grader C, det er overskya og opphaldsver.Nils har moka snø frå altanen i dag, men no får vi håpe han får ein dag eller to fri.
Eg har vaska og rydda inne, men har ikkje rydda ut jula enno.Vi har ikkje planlagt så mykje for denne dagen, ikkje ein gong kva vi skal ha til middag, så no blir det kanskje eit dykk i dei tre fryseboksane våre. Vi kan i alle fall ikkje kjøpe i hop meir mat. Lengtar etter fersk fisk, men Nils har ikkje kome seg på sjøen enno.

1 kommentar:

Hildegard sa...

I dag har eg baka boller og brød + steikt seikarbonader av seien frå frysaren. I går hadde vi Lofoten fiskesuppe med 1 side sei som eg skar i bitar og kokte opp i suppa. Det smakte godt med litt rista brød til. Godt med fiskrettar etter all kjøtt-maten.
Eg har rydda vekk ein del julepynt og sett vekk plast-juletreet.

Eidabesta

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...