onsdag, september 22, 2010

Vermelding 22.september 2010

 
Klokka er no16.45. Temperaturen er +14 grader C og det regnar.( Bildet er behandla i Picasa, derfor ser det ut som om veret er litt finare enn det er i røynda.)
I dag har det ikkje skjedd mykje. Nils var nedover eit ærend f.m. Eg vaska og rydda litt, blir ikkje så mykje med meg slike dagar, men no seier Nils at det skal bli fint på fredag,så då har vi noko å sjå fram til. Eg har så vidt begynt på boka til Isabel Allende, strevar litt med dei franske og spanske namna når eg ikkje ser dei på trykk, men det går seg vel til.Og på TV er det fotball.
På Austlandet har dei hatt ganske fint ver i det siste. Her er Eivind på besøk i barnehagen der Vebjørn går. Der har dei fått nye leikeapparat nylig.
Posted by Picasa

3 kommentarer:

solveig sa...

Det ser ut som dei har fått eit godt og reinsleg dekke under leikeapparatet!

Wenche sa...

Ja flisene under leikeapparatene kjennes ut som en blanding av asfalt og gummi. Kunne tenkt meg sånne her også, så kanskje kattene ikke brukte leikeområde som do.
Nå er kjøkkenet borte, kjøleskap på stua etc. Nå blir det å leike campingtur en stund, med engangsutstyr og hele pakka. Har heldigvis fått noen middagsinnvitasjoner. Taket er ferdig. Håper vi klarer veggene i løpet av helga. Vinylen ligger klar i hageboden. I dag har bestemor vært trillepike.

Besta sa...

Kjempesmart og reinslig med slikt belegg. Liknar det på det som finst på idrettsbaner?
Synd vi ikkje er litt nærmare, så vi kunne trå til med diverse middagsinvitasjonar, vi også. Blir sikkert deilig å bli ferdig med kjøkkenet. Sigrid har nok ingen ting imot å vere trillepike.

Dagbok 2024: 18.desember

                                                                 Det er lys i mørketida Klokka er no 19.55 Temperaturen ute er +9 grader C, ...