søndag, juli 04, 2010

Vermelding 4.juli 2010

Klokka er snart 13.00. Temperaturen er ca 23 graderC, og det er overskya og litt vind. På randen av kaldt etter min smak.
Føremiddagen har gått med til ingen ting. Har for det meste site oppe hos Marit, som er heime åleine, og prata.Nils har vore meir aktiv; han har gjort bilen grundig rein både inni og utanpå. No skal eg begynne på middagen, og så får vi sjå om det skjer noko meir i dag. Det er vel ikkje fotball på TV, vel.........?
For øvrig kan vi jo feire fødselsdagen til dronning Sonja, eller USA sin nasjonaldag, om vi ikkje har noko betre å ta oss til.

3 kommentarer:

solveig sa...

Fransk nasjonaldag også, vel? Eg skal late meg i dag, eller chille som ungdomane seier. Det inneber mellom anna fotografering og lesing.

Besta sa...

Der er du på villspor.Den franske nasjonaldagen er 14. juli, mamma sin fødselsdag og Rasmus og W. sin bryllupsdag.Og kronprinsessan Victorias fødelsesdag!

solveig sa...

Oi, ein annan opphopningsdag altså...

Dagbok 2025: 12.desember

  Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...