lørdag, juli 03, 2010

Vermelding 3.juli 2010

Ei "salig" blanding av grasløk, ruccolasalat, eit lite rosetre og rosa akeleier som har sådd seg sjølv.Det er tørt over alt, tiltross for at det ikkje er lenge sidan det regna.

Naboens peon blomstrar mens vår framleis står i knopp.

 Den første blomsten på den blå valmuesøstera i år.Fargen er aldeles nydelig.

Klokka er snart halv to. Ute er det herlig sommarver med sol og vind. Temperaturen er + 27 grader C, så det spørs om vi ikkje får ei regnbyge eller to når det lid på.
Håper på at fineveret varer til Herøyspelet er over, Margrete og ungane skal dit.
Nils og eg har lagt på altanen og sola oss ei stund, men før vi kom så langt, hadde vi laga fiskekaker av 2,5 kilo malen fisk. Likar ikkje å lage så alt for mykje i gongen. Ein slik porsjon som vi laga i dag er fort gjort. Og så har vi middag i dag med det samme.
Noko shoppingtur blir det ikkje i dag, dette er ikkje dagen for mallwalking.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2015:21.april

  BAKOVER DU SKAL IKKJE står det på den blå fjøla. Eg les dette  nesten kvar dag. Det er ungdomskule -elevar som kjem med så kloke ord. Klok...