søndag, mars 07, 2010

Vermelding 7.mars 2010.

Klokka er 12.15, temperaturen er 3-4 varmegrader.Det er overskya, men opplett.
Det er ikkje noko særlig fart i snøsmeltinga.Nedanfor huset har Nils hatt litt mold på snøen i håp om at den skal tine til leigebuaren kjem att frå Brasil.
Elles har han gått tur med "gamlingane" fram i Nupen, mens eg har laga hjortegryte, strikka og høyrt radio.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt med mildare vær. Vi har hatt overnatting av Kristine. I dag skal vi ha mølje til middag, besten handla torsk m/rogn og lever for 250 kr på mega, vart inspirert av norge rundt sist fredag.

Besta sa...

Her blir det nok ikje fersk fisk før båten kjem på sjøen......Her vart det mykje kaldare inne i huset etter at sola forsvann.

solveig sa...

No kan ein no ha arbeid med å kaste snøen attende der det vert bert ...

Dagbok 2024: 22.november

Klokka er no 16.18 og bildet over er tatt for eit par minutt sidan. No sit eg her inne i huset mitt og er så å seie innesnødd. Ser de godt e...