Vi har ein heil plen over-strødd med desse blomstrane.Alle som går forbi stoppar opp og beundrar dei, og somme spør om å få løker. Det får dei sjølvsagt. Men det er ingen som veit kva planten heiter. Til oss kom desse herlege blomstrane truleg i ein pakke med løkblanding. Med det same snøen er borte, kjem dei fram, og så går det ikkje mange dagane før det er fullt flor.Viss nokon veit kva planten heiter, så ver så snill og skriv.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
DAGBOK 2024: 16 MAI
Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
4 kommentarer:
Eg veit ikkje kva dei heiter. Skal sjekke i bøkene mine. Elles fekk eg nokre løkar som eg sette i plenen. Dei forsvann. No kunne eg tenkt meg nokre nye og ha i bed i første omgang!?
Eg fann eit namn ein gong, men har gløymt det. Klart du skal få nye plantar, så snart dei har blomstra av.
Ligner veldig på Meteora eller Speilklokke på norsk.
Prøvde å google namna som W. foreslo utan å finne noko. Googla også løkblomster generelt, utan at eg fann den. Sjølv meiner eg at eg har høyret eit namn som går på "stjerne"-noko som ikkje er utruleg når ein ser på forma.
Legg inn en kommentar