I dag har Nils klipt plenen før første gong denne våren. Då ser det straks ryddigare ut i hagen.Som de kanskje ser på bildet, blomstrar tulipanar og primula i "rosebedet".Rosa som eg fekk frå Hareid er planta ut og får vatn kvar dag, så vi håper ho skal overleve.Sjølv har eg ikkje vore så mykje ute; før middag baka eg brød og pussa vindua på stova på begge sider, men så vart det ei lita stund på solseng før sola vart borte.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
2 kommentarer:
Det har vore nokre fine dagar no. Utruleg kor fort våren kjem i år og det ser ut til at snøen smeltar fint slik at vi slepp flaum.
Eidabesta
Frukttrea er utruleg flotte. Håper vi slepp kuldebolk etterpå. I fjor var det så kaldt at insekta ikkje bevega på seg. Det fører til at fugleungane i fuglekassene døyr. Trist å måtte plukke dei ut daude.
Legg inn en kommentar