søndag, august 03, 2008

Ein god gammaldags roman ?


Det blir mykje krim når ein stort sett les lydbøker. Til tider er eg nokså lei denne sjangeren. Derfor vart eg glad då eg fann denne nye spanske romanen på biblio sist fredag. Den er ganske lang, heile 20 CD-ar, men veldig lettlesen og skriven i vanleg "gammaldags" stil utan for mykje hopp i tid og stad. Lærerikt kan det også vere å få vite korleis dei levde i Barcelona på 1300-talet.Har ikkje lese meir enn 3 plater enno, men det ser bra ut!

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for i går. Det var koseleg å treffast! Synd at veret blei så dårleg at de ikkje kunne kome innom hagen, men vi får ta det igjen. I dag har eg vore hyper og laga tre innlegg.... Hilde

Dagbok 2026: 23.januar

                                       Frå altanen til Skåla i dag i 14-tida  Klokka er no 18, temperaturen ute er minus 8 grader og det er ...