lørdag, mars 29, 2008

Nye lydbøker i dag.

Kvar gong eg er på biblioteket er eg spent på om der enno finst lydbøker eg ikkje har "lese". Men heldigvis kjem der stadig nye bøker inn. I dag vart det to krim-bøker, men det får eg vere nøgd med sidan eg no har lese tre "ikkje-krim-bøker". Det er nemleg veldig mykje av den sjangeren som kjem på lydbok.
Elles hadde vi ei runde rundt på diverse butikkar. Alltid noko ein "treng", merkelig nok. Då vi kom heim, dukka Øystein og Håkon opp med litt forsinka fødselsdagspresangar. Dei hadde vore på sonesamling i Volda.



6 kommentarer:

solveig sa...

Flaggermusmannen har eg lese, OK krim.

Besta sa...

Den andre boka, Skygge, var heilt ny på biblio her. Har ikkje lese noko av den forfattaren før, så det kan bli litt spennande.
Apropos så såg eg ein videosnutt på data frå filmen om Varg Veum.
PIA TJELTA...say no more!

solveig sa...

Eg ser Alvtegen si bok får gode kritikkar. Eg meiner eg har lese ei av bøkene hennar, men blir ikkje klok på kva for ei. Sjekk titlane!

Elin sa...

Du tek vel turen til kviltetreffet søndag?

Besta sa...

Sikkert kjekt på kviltetreff, men sidan eg knapt kan sy på maskin og langt mindre kvilte, ville eg nok ikkje heilt passe inn? God fornøyelse!

Olaug sa...

Eg forsto etter kvart kva du meinte med hundar luktar godt. Det er vel det at dei har god luktesans??

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...