søndag, mars 23, 2008

Dåp




I dag, på 15-årsdagen sin, vart Ingeborg døypt i Kilsfjord kyrkje. Det var ei fin høgtidsstund. Veslesyster Amanda bar dåpsvatnet inn først i gudstenesta, og etter henne kom "dåpsbarnet". Alle fire besteforeldra stilte som fadrar, og minstebroren var også med fram til døypefonten.


Etterpå var vi samla til familiemiddag på Bjørneset. Det har snødd mykje i dag også, så Nils er ute og mokar. Det minte meir om jul enn om påske då vi køyrde heimover mellom snødekte tre.

1 kommentar:

Anonym sa...

Stor dag for dykk alle. Gratulerer med vel overstått!
Eidabesta

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...