søndag, desember 23, 2007

Vesle-julafta på Bjørnaset.

På Bjørnaset brukar dei å ete risgraut på vesle-julafta, slik også i år. Ungane er glade i graut og spenninga er stor: Kven finn mandelen i år.
Skal eg røpe det? Det var mamma Margrete! Ho påstår sjølv at ho ikkje har juksa! Så då får vi tru henne.









2 kommentarer:

solveig sa...

Her driv vi og pønskar på korleis vi skal unngå at Audun får mandelen og marsipangrisen i år også. Skal eg ha litt graut i kvar tallerk og mandel i den eine? Så får eg velje til slutt sjølv. Då går vel sannsynet for at Audun skal få han frå 50% til 16,66%?

Anonym sa...

God jul til dokke begge to!
Hilde

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...