Middag i dag (og i går)
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er + 22 grader C. Det var litt skodde i dag morgon, men den forsvann etter kvart og sola kom fram.
Det er ein jobb eg alltid gruar meg litt til, og det er å køyre på VØR med hageavfall. Eg forstår ikkje kvifor eg kvider mot det, for det er no verdens enklaste jobb.
Eg fekk inn i bagasjerommet nokre sekker med gammalt gras, og eit par sekkar med reinslegare planterestar i baksetet. Nokre av dei eldste grassekkane tømte eg i komposten min, så no er alt graset plassert.
Eg måtte sette bilen på lufting då eg kom heim, og hendene mine måtte både vaskast og spritast fleire gonger før lukta vart borte - og det enda eg hadde brukt hanskar.
Eg var i tvil om eg skulle klippe plen i dag og tilfelle kor mykje. Eg diskuterte med meg sjølv og vart einig om å klippe rundt huset; Skråninga skal få vente til etter helga, det er både kort og langt gras der.
Eg klipte rundt huset og hadde graset i komposten i dag, i staden for å fylle i sekkar. Klipte kantar her og der så lenge det var straum på batteriet.
Eføyen er eg bort og ruskar i rett som det er, men eg er litt skeptisk-eg trur der kan vere eit kvepsebol i nærleiken-det summar i alle fall inni der. Det er ikkje så farleg om slikt boss blir ståande for det luktar ikkje, så eg kan klippe langs med.
Då det leid litt på dag, laga eg meg "middag"- det vart salat i dag også. Det er gjerne slik at når eg lagar noko eller kjøper inn , så må eg ete det samme i 2 dagar. Så no har det vore vegetarkost både i går og i dag. Det er ikkje meg imot.
Men i morgon blir det andre bollar, for då skall Margrete og Amanda hente meg og så skal vi til Volda og ete sushi! Det kan hende Eirik også blir med viss vi ventar til han er ferdig på jobb. Eg får nesten ikkje tid å sakne Marit når der er andre som dukkar opp og held meg med selskap.
Etter at eg hadde ete la eg meg ut på solsenga med ei ny bok av det lette slaget. Men det varte ikkje lenge før einkvan drog eit ullteppe over himmelen -og sola forsvann. Det er ikkje så gale no, men det er ikkje sol akkurat.
Etter at eg hadde kokt meg kaffi gjekk eg ut og reinska litt ugras. I dag fann eg ikkje nok gode bringebær til dessert, i staden åt eg litt rips og stikkelsbær rett frå trea.No skulle Vebjørn ha vore her!
Utsikt frå solsenga.