søndag, juli 26, 2020

Dagbok 2020: 26.juli


Klokka er ca.18.30, temperaturen ute er + 19 grader C og det regnar, fint og mildt sommarregn - alt går an berre det ikkje blir kaldt. I dag var eg spent på om det regna då eg stod opp, det gjorde det ikkje, det var fint og litt sol. Eg hadde tenkt å ta att litt husarbeid i dag, og det gjorde eg; eg fekk shina og vaska bad og kjøkken og vaska klede langsmed. Etterpå var eg ute og snakka med naboar, og Marit kom med mobilen sin og ringde til min bortkomne Doro, og der låg han under nokre greiner attmed muren. Det var godt å sjå den att. Der var eit ubesvart anrop frå Lise, så eg ringde til henne. Då fekk eg mellom anna vite at dei var blitt oldeforeldre til ein liten gut som skal heite Erik.
I dag fekk eg brått lyst på risgraut, så eg kokte ein liten slank såpass eg slepp restar.
Ei stund etterpå kom Marit ned og vi drakk kaffi og åt is, som vanleg.


Eg fann ut at eg måtte gå ein tur på Vernet såpass eg fekk litt mosjon, då var det alt begynt å regne litt. På vegen opp til Vernet trefte eg ei anna dame som var på trimtur. Ho var veldig pratsom og eg måtte gå gjennom eit 3.grads forhør: Kva heitte eg, kvar budde eg, kven budde eg i lag med, kor gammal var eg, kor mange barn, barnebarn etc. etc. Ho var frå Bhutan og det er ikkje så ofte eg snakkar med folk derifrå. Det var ikkje så mykje eg fekk spurt henne om heller. Men rett skal vere rett-ho var flink å intervjue meg, når eg tenkjer på kor langt borte ho kjem frå. Men det blei litt travelt for meg, så eg skulda på at eg vart så varm at eg måtte sette meg på benken og kvile. Og heldigvis gjekk ho vidare. Skal tru om ho hugsar all informasjonen ho fekk?
Det lakkar og lir med juli månad, og snart er det skulestart igjen. Men ikkje for meg- heldigvis. Sommartida går fort men andre årstider har også ein sjarm-berre vi slepp snø.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...