lørdag, juli 25, 2020
Dagbok 2020: 25.juli
Klokka er 18.45, temperaturen ute er + 20 grader, og ein liten bris. Det er heilt nydeleg ute.
Eg har vore ute nesten heile dagen, men eg har ikkje gjort så mykje. Først på dagen prøvde eg å fikse litt på plenklippinga, med kantklippar og plenklippar, så det vart litt betre. Eg batt opp eit par tre etc. men greidde å kaste vekk den gamle mobilen, og har ikkje funne den att enno. Eg var ikkje så veldig arbeidsvilleg i dag, hadde litt vondt både her og der etter sjauen i går. Så eg plukka meg ei skål bringebær som eg åt til lunsj.
Så la eg meg på solsenga og las Storytel-bok til det blei på tide å ete middag. Etterpå var eg ute i hagen ei stund før eg gjekk opp til Marit som er heime åleine i helga; det er så fint å sitte på uteplassen hennar. Eg fekk kaffi og rundstykke med henne. No er eg nettopp komen ned att, prøver å få med Dagsnytt-så eg veit kva som skjer i verda- og om vi verkeleg skal få regn i morgon. Eg har ikkje handla mat eller liknande til helga, men har no kaffi og litt anna om nokon skulle slenge innom. No må eg ut å rydde vekk madrasser etc. frå altanen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar