onsdag, juli 22, 2020

Dagbok 2020: 22.juli

Klokka er 17.15, temperaturen ute er + 12 grader og det har silregna i heile dag.
No ser det litt lysare ut og det er meldt bra ver i morgon. Regnet er ikkje det verste, men det at det er så kaldt, eg har frose i heile dag enda varmepumpa er på heile tida.
Marit og eg hadde planlagt å fare i Furene og handle i dag, ho skulle køyre. Vi vart litt forsinka så eg fekk lese heile avisa før vi for, avisa kom i går men eg hadde gløymt å ta den inn.
Eg stod på spranget og skulle fare ut, då eg ombestemte meg med omsyn til klede. Eg bytte fort om til strikkagenser og regnjakke-genseren har eg på meg enno og har knapt fått varmen i meg.
Vi var først på plantasjen. Eg hadde tenkt å finne meg noko å plante ute, men alt var så vått og ekkelt at eg ikkje kunne tenke på å plante i dag, så det vart ikkje til at eg kjøpte noko.
Eg handla mat både mandag og tysdag, så det vart ikkje så mykje å handle på Coop heller, men eg hamstra no inn litt i dag også. Men det er no begrensa kva eg kan konsummere åleine. Det einaste eg manglar er fyrstikker, og det gløymer eg kvar dag. Uansett så hadde vi ein kjekk tur, og så sat vi og prata i bilen etter at vi kom heim, som vanleg.
Då nærma det seg tida då eg et middag, og sidan det var meir salat igjen, blei det salat med fetaost i dag, med litt brød til.
Eg sette meg inn til datamaskina og skulle legge kabal og høyre lydbok. Men no har eg begynt på fleire bøker utan at nokon av dei har fenga meg, i dag sat eg berre og nikka med hovudet og ville sove. Så eg la meg på senga, men sovna ikkje der heller.
Det vart å sette seg inn i stova og strikke, såpass eg skal få varmen i meg. Kan ikkje tru at eg har frose så gale i juli månad før.
I dag er det minnedagen for Utøya og det som skjedde der og i regjeringskvartalet for 9 år sidan. Det var sikkert minnemarkering i parken her også, men truleg tidleg på dag.
I morgon er det den 23. juli og første hundedag. Hundedagane varer til 23.-24.august. I gamle dagar trudde dei at varmen kunne gjere hundane galne. Namnet kjem frå grekarane si tru på at Sirius (Hundestjerna) var orsaka til varmen. Her i Norge meinte ein at om hundedagane gjekk inn med godt ver, så skulle dei slutte med dårleg vêr, og omvendt.(Såpass kunne eg også ha spådd) På kysten venta dei vindstille denne tida. Ein burde ikkje bade i hundedagane og ikkje late seg årelate. Då kunne ein bli "tungsindig."
På første hundedag skal eg få vere med Solveig og Øystein på tur til indre Nordfjord. Eg skal visst vere ein slags gaid. Eg hugsar at Nils og eg hadde turar til Innvik med mamma, så lenge ho orka det. Då kom ho i hug mykje frå fortida som ho fortalde oss. Det er ikkje meir enn vel 1 år sidan eg var innover i lag med Margrete og barna hennar+ Bodil og Svein. Då hadde vi to bilar. Det er meldt bra vêr i morgon så eg håper vi får ein fin tur. Det har begynt å lysne ute no, og eg trur det har slutta å regne. Kanskje eg kan få plukke litt bringebær i dag også? (Eg et dei opp etter kvart.)

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...