onsdag, juli 29, 2020

Dagbok 2020: 29.juli - Olsok


Klokka er 18.00, temperaturen er + 16 grader C ,og i dag har vi hatt meir og mindre regn heile dagen. Derfor får de berre eit bilde som eg har tatt på trappa, fordi eg ikkje gadd å gå ut i regnet.
Eg var litt optimistisk  då eg stod opp i dag og såg at det var vått ute, eg tenkte at det kom til å lette opp. Så eg heiv ut teppa på soverommet og planla å bytte på senga og vaske golvet. Ja, det blei no gjort, men eg måtte redde golvteppa og få dei under tak då regnet kom. Så sette eg på vaskemaskina.

I dag tenkte eg å halde fram med å få vekk noko av eføyen , eg begynte ute og klipte vekk det som var for mykje, men då det vart meir og meir regn gjekk eg inn i tilbygget og klipte det som hadde vakse inn der, og det var ikkje lite. Eg måtte ta gardintrappa i bruk for å nå opp. Eg er på langt nær ferdig med eføyen, men eg fekk no fylt eit par sekker i dag også, og litt ryddingare vart der i tilbygget. Men skikkeleg ryddig blir det ikkje utan at eg blir kvitt noko av det som er der. Eg har til dømes ei lengd med hønsenetting, som var brukt til sukkererter før, har også noko som er grønt og fint som vi hadde på garasjeveggen til støtte for blomkarsen som ville klatre. Og så har eg den førre plenklipparen som eg ikkje brukar meir. Viss ingen i slekta vil ha noko av dette, må eg annonsere på FB. I og med at eg forenklar hagebruket mitt , blir det ein del overflødige ting.
Elles prøvde eg å installere ein annan høgtalar på PC-en, utan at eg fekk lyd i den heller. Eg er redd for at PC-en snart syng på siste verset; eg har no ein nesten ubrukt laptop, men eg likar storemaskina best.
Eg plukka meg ei skål med bringebær i dag også, men eg er ikkje imponert over kvaliteten. Solbæra held på å bli modne, dei ser fine ut, men er ikkje så store. Eg kjøpte buska på Hildenes for to år sidan-det var tilbud om hausten, så det er første året eg få litt avling på den. Ripsen raudnar dag for dag, men om den blir plukka er ei anna sak- men om veret blir bra, kan det hende.
I dag fekk eg brev frå HELFO om at eg no får frikort på fysioterapi. Men eg får bruke det berre i to timar førebels, den eg hadde i går og den timen eg skal ha i morgon. For i morgon er siste dagen før fysioterapeuten gå av med pensjon. Så spørs det om nokon kjem til å overta. Marit reiser i morgon så då skal eg fare åleine på trening 11-12.
I dag er det Olsok. Dagen er til minne om Heilag Olav og slaget på Stiklestad. Før i tida vart dagen feira om lag som Jonsok, med bålbrenning. Eg har vore med på det ein gong.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...