mandag, juli 13, 2020

Dagbok 2020: 13.juli

Klokka er 16.45, temperaturen ute er + 16 grader C; det har vore opplett i dag, men no på ettermiddagen kom det nokre regndropar.
I dag har eg ikkje gjort mykje til gagns. Marit og eg skulle på trening klokka 11.00, og før den tid skulle eg blant anna vaske håret. Derfor var eg ikkje påkledd då fiskar nr. 1 kom. Men eg var no oppe i alle fall. Gutane hadde diverse å ordne før dei for på sjøen; trur dei egnde lina her. Dei for med berre ein bil, sjølvsagt, og eg kom ikkje på å seie at den andre bilen måtte flyttast viss eg skulle ut med min. Det gjorde ikkje så mykje, Marit køyrde til treninga; og dei ærenda eg hadde kunne vente til dei kom att og det vart bilfritt på tunet. Eg brukte ventetida til å ete og til å høyre Storytel. Ja, eg var no ute i hagen og smakte på både bringebær og jordbær. Det er laga til mykje bringebær, men åkeren er vanstelt og plantane deretter. Eg trur det var noko gale med hausten i fjor, for det var ikkje skikkeleg tillaga med strengar.
Då gutane kom att og for att med bilane, tok eg ein tur til Vik. Eg skulle kjøpe bensin til klipparen, og nåler til symaskina. Litt matvarer på Bunnpris i dag. Då eg skulle gå frå ALTI og opp i gata, stor der nokre unge menn og stoppa folk. Dei spurde meg om eg var frå Ørsta, blant anna. Dei hadde lov å ta bilde av alle som gjekk den vegen, viss personane var under 75 år. Og det var ikkje eg, eg var mykje over 80, sa eg, og då fekk eg gå i fred. Han som eg snakka med syntest eg såg yngre ut-eller heldt meg godt.
På strikkebutikken der eg kjøpte symaskin-nålene hadde dei fått inn noko nytt garn som likna på Regia, det var i så fine lyse fargar. Eg fall for den lysegrøne, som er veldig lik dei førre lestane eg strikka i Regia.  Det er vel fordi eg er i sommarmodus at eg vel slik. Eg held på med eit par grå lestar til meg sjølv.
På heimvegen stakk eg bortom gravplassen og såg til gravene, Nils og Robert sine. Rosa som eg hadde planta stod fin, Robert si grav var også fin, men der vil det snart vere behov for litt fornying. Når eg så til hans grav var det for å orientere Marit.
I dag har eg ikkje gjort noko fornuftig her heime, men eg håper å kunne slå plen i morgon. Naboen har slått sin.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...