onsdag, desember 04, 2024

Dagbok 2024: 4.desember



Klokka er no17.35, temperaturen ute på trappa er +3 grader C , det er opplett,trur eg, men det er ei stund sidan eg var ute, og no er det mørkt. Kveldane er lange og mørke.

I dag morgon hadde eg trua på at eg skulle få gjort noko i dag, så eg startyta på "Roterommet" og samla opp tomflasker og bar ut i bilen. Eg hadde tenkt å handle i dag, men så sa Marit at det er tredobbel trumf i morgon, så då kan vi handle på veg heim frå treninga. Eg kom ikkje i gang med noko skikkeleg jobbing i dag, men eg fann no fram litt meir julepynt som eg fekk på plass.

Men så ville eg ut og gå mens det enno var lyst. Eg tok den store runden i dag også, men vart veldig låk i ryggen. Eg møtte naboen med sparkstøtting då eg var heime i Starevegen. Eg skulle ha hatt sparken min eg også, tenkte eg, men den heng på veggen i tilbygget og har ikkje vore i bruk sidan før Nils døde. Eg kan få Erlend til å hjelpe meg å ta den ned, men som regel varer ikkje sparkføret så lenge.

Det er ein ting som aldri sviktar og det er matlysta mi; eg kan ete kva som helst til alle døgnets timar. Då eg gjekk på lærarskulen budde eg i same hus som ei anna jente som hadde enda meir glupande appetitt enn eg. Men ho la ikkje på seg av maten, slik som eg-.

Då eg hadde ete noko som skulle vere middag sette eg meg i godstolen og strikkamens eg såg TV. Eg trur eg sovna litt også.Eg hadde kveikt litt i omnen så her var varmt og godt. Det vart ikkje gjort så mykje i dag, men i morgon er det trening og eg skal handle på heimvegen. Så får eg sjå kva meir det blir. 

Eg skulle ta eit bilde ute, men så var telefonen utan straum. No håper eg berre at det ikkje kjem snø i natt, slik at eg må til å moke i morgon tidleg.


Tok desse to bilda frå trappa, etter at eg hadde telefonen på oppladding i fleire timar,

tirsdag, desember 03, 2024

Dagbok 2024: 3.desember

Opp Storebakken


 Klokka er no15.50, temperaturen ute er minus 6 graderC, og det er fint og klårt ute men kaldt.

I dag morgon då eg såg ut vart eg glad for at det ikkje hadde kome meir snø i natt, no slapp eg å moke . Eg startar treninga klokka 10, så det er godt å sleppe mokinga før den tid.

Etter treninga var eg på bensinstasjonen og fylte opp tanken, no virka kortet mitt- etter at eg hadde vore i banken med det.

Veret var så fint då eg kom heim at eg bytta over til piggsko og tok staven i høgre handa, og så gjekk eg tur. Eg gjekk det som eg no kallar " Den store runden" Det er opp Storebakken , ned Fonnavegen, ut Olavsgata og opp Storebakken og inn att Starevegen. Det er mykje lenger enn ein runde på Vernet. Men det er fint å gå ute no, særleg når det er lyst og fint.

Då eg kom heim gjekk eg ned i tilbygget og henta brensel, og der fann eg staven min, så no har eg to viss eg vil. Eg treng ikkje stav når eg har piggsko, men den hjelper meg til å rette meg opp i ryggen-så slepp eg å gå med hendene på ryggen slik eg plar.

Eg laga ikkje middag i dag, men åt brødskiver med jernhaldig pålegg på. Så sette eg meg inn på stpova og såg nyheiter på TV. Eg trur eg må ha sovna litt for det hadde nesten slokna i omnen då eg kom til meg sjølv. Men eg fekk omnen i gang igjen og varmepumpa hjelper til. Eg trur ikkje eg kjem til å gjere så mykje i dag, eg får heller kvile slik at eg er arbeidsdyktig i morgon. Det er no den jula som er i kjømda. I fjor slapp eg lett unna julestriden for då braut eg handa, det var den 9.desember. No har vi ikkje sol her nede , men ho kjem tilbake rundt den 18.januar, og det er ikkje så lenge til.

I morgon skal eg ikkje på noko, då er det heimedag og eg trur eg må på butikken og handle litt, det er alltid noko ein manglar om ein vl bake  t.d.

Eg såg på TV at det skal bli mildare, veret er veldig skiftande for tida.


                                     Ikkje sol i Olavsgata i dag.


mandag, desember 02, 2024

Dagbok 2024: 2.desember

 

Eg hadde ikkje tatt meg til rette, men eitt av hjarta hadde løsna og falle av. Bak kvart hjarte står nokre fine ord-til meg frå Amanda




Klokka er no18.15, temperaturen ute er ca+2 grader, og det sluddar-ikkje regn eller snø,men sludd. Eg har ikkje kome meg ut av huset i dag, så eg har hatt ein kjedelig dag. Det kan eg takke meg sjølv for, for eg har friheit til å gjere det eg vil innfor lovlege grenser. 

Eg hadde planlagt å lage ei kake, så det har eg gjort, men er ikkje heilt fornøgd med resultatet. Det får stå si prøve.

Elles så har eg siste året og før det hatt ein hobby med å strikke lestar til heile storfamilien. Etter samme oppskrift har eg strikka mange, mange par. Her ein kveld ville eg prøve ein litt annan fasong og det gjekk no greitt. Men ikkje i dag då eg skulle lage lest nummer 2, kor mange gonger eg har strikka og rekt opp att-det veit eg ikkje men den er enno ikkje ferdig og blir det visst ikkje heller. Dette er bagateller i den store samanhengen, Når ein se kva som skjer ute i verda, så er der verkeleg noko å "ergre "seg over. Eg har forresten ikkje hatt på TV-en i dag. Eg har visst trudd det var søndag innimellon, sidan det skjer så lite, men mandagane brukar eg å ha til eigen disposisjon. No lurer eg på om eg skal rekke opp att den lesten....................................

I morgon er det trening og då lurer eg på om eg skal prøve å fylle bensin-sjå om kortet mitt virkar etter at eg var i bankem. Bensinmålaren i bilen virkar ikkje så eg veit aldri kor mykje eller lite bensin eg har på tanken. Det er litt utrygt, så eg plar fylle opp når det er ei tid sidan sist, og eg har aldri gått tom.

No regnar og sluddar det ute, men det ser ut til at det skal gå over til snø, eg likar det ikkje men kan ikkje gjere noko med det.

/Eg får visst ikkje til å legge ut bilde i dag.

søndag, desember 01, 2024

Dagbok 2024: 1.desember og 1.søndag i advent


Klokka er no16.14 og temperaturen ute er 0 grader , snøen smeltar , og det er no greitt nok, men så blir det vått og litt ufyseleg. Eg orkar rett og slett ikkje å gå tur ute når det er slik. Eg har halde meg inne heile dagen i dag, sett TV, strikka, laga mat og "pynta" litt til jul. På PC-en min står det:"Regn i morgen", og "Temperaturfall". Eg lurer på om det betyr at vi får snø?

Eg hadde ingen planar for dagen i dag, men eg begynte så smått å "pynte" litt til jul. Alt tek si tid, så det han vere lurt å begynne litt på pyntinga. Eg har julepynten i kjellaren no, før var den på loftet , men det er litt farleg for gamle damer å gå i stige-trur eg. Litt fekk eg gjort i dag, og så kan eg sjå om eg treng å kjøpe noko nytt. Alle pyntar så mykje ute her i gata vår no, men eg held med inne; eg hadde nokre lys etc. ute i "Rygge-buska" mi, men eg trur eg sleit av ledningane både her og der. Dørkransen har eg ikkje funne enno, men eg trur eg veit kvar den er. Her blir det vel pynting heile tida til jula kjem. Og så blir det husj vekk til Nytt-år. Før i tida hadde vi julepynt langt ut i januar, men då pynta vi ikkje så lenge før jul. 

I dag laga eg meg middag, det skjer ikkje kvar dag. Maten var enkel; pølser og potetstappe. Stappa lagar eg sjølv av poteter, og så lagar eg så mykje at eg har i 2 dagar. Så då veit eg kva eg får i morgon også.

Eg sit og strikkar innimellom, orkar faktisk ikkje å gå ut i dag det regnar iog det blæs og no er det mørkt også. Marit har hatt besøk av sonen sin og kona hans i dag. No skal eg sjå om eg finn nokre bilde.

                                 Så tenner vi det første lys


 

                         Stjerna i vinduet-som speglar rommet

lørdag, november 30, 2024

Dagbok 2024: 30.november

 


Klokka er no17.35, temperaturen ute er + 8 grader, det er litt vått og grisete, men eg håper snøen blir borte-ei stund-

I dag har eg ikkje gjort noko til gagns i heimen, eg fekk kjensle av at det var søndag, heilt frå byrjinga av dagen, så eg slappa av.

Men eg hadde avtale med Marit om at vi skulle fare på basar i lag. Det er lenge sidan vi har vore ute på noko som helst, så vi såg fram til dette. Basaren var på Kulturhuset der Janne, dottera til Marit, er sjef. Og dottera til Janne skulle spele i lag med nokre andre. Der var fullt då vi kom ca11.30,men vi fekk plass ved eit bord det det sat fleire gamle damer-alle med kvitt hår.

Eg var så heldig at for nokre dagar sidan fann eg ein konvolutt med papirpengar i ei skuffe. Det var kjekt å ha når eg skulle kjøpe lodd. Men eg vann ingen ting, ikkje Marit heller-og ho brukar å vinne. Kaffi og kake fekk vi kjøpt, og det var også ei som selde lefser. Det kjøpte eg og Marit også, dei var frosne og det skal dei få vere heilt til jul. 

Vi var der til ungdommane hadde spelt mange julesongar på blåse-instrument, dei stod på scena bak alle gevinstane etc. så det var ikkje så mykje vi såg av dei.

Dei ropte ut når brennsnuten var ferdig, men vi skulle ikkje ha, så vi reiste heim.

Dei som heldt basaren og fekk inntektene var Revmatikar-laget. 

Då eg kom heim åt eg eit par brødskiver med kjøttpålegg og sa at det var middag. Så sette eg meg i godstolen og strikka ei stund. Det einaste eg har gjort til nytte i dag , er at eg har stroke diverse. Av ein eller annan grunn har eg ikkje hatt så mykje energi i dag.

Eg ser at folk pyntar både ute og inne, men eg er ikkje komen i gang med det. Skal sjå om eg finn på noko i morgon. Eg gjekk ikkje tur i går, og har ikkje gått i dag, så i morgon må eg komme meg ut og gå igjen.

Og i morgon er det 1.desember, så då kan eg opne første luka i Røde kors-julekalenderen. Tenk om eg vinn noko der! Det vil i så fall vere første gong, men eg har kjøpt kalender kvart år.

Det blir så tidleg kveld no, men om ein månads tid lysnar det igjen -litt og littEg må innrømme at eg har gjort fint lite "til jul",men litt må eg no greie i år også.


fredag, november 29, 2024

Dagbok 2024: 28.november


Klokka er no18.20, temperaturen ute er +5 grader C og det regnar, eg likar verken regn eller snø, så eg er ikkje fornøgd med veret i dag heller. Men eg har hatt så mykje å styre med inne at eg kan halde meg i ro-utan å gå tur altså.

Eg la meg seint i går og stod opp seint i dag, trur eg sov til klokka var 9-.

Og i dag var det fredagsvasken som stod for tur. Men det er ikkje så mykje arbeid, så eg fekk legge til litt. Sidan det snart er jul pussa eg vindua på kjøkkenet, så tok eg ned gardinene og vaska dei i maskina.

Det som står i tallerken-hylla på veggen blir aldri brukt, så eg sette det i nn i oppvaskmaskina i lag med det andre som var der, for å få det fint og blankt-og det blei det. Før eg var ferdig med vaskinga var gardinene ferdig vaska, så eg kunne henge dei opp. Desse gardinene er har no, både på kjøkken og stove skal ikkje strykast men hengast opp våte. No er i alle fall dette gjort til jul.

I morgon er det basar på Kulturhuset og Marit får lov å gå, så då skal vi ned dit. Barnebarnet til Marit skal vere med å spele i lag med nokre andre. Dei er flinke. Det blir ein del underhaldning og så får ein kjøpe mat etc. Eg har tenkt å kjøpe meg nokre lefser til jul. Vi kan drikke kaffi eller kjøpe brennsnut der nede. Eg har vore på ein liknande basar ein gong for lenga sidan.

Fredagsvasken min tek ikkje så lang tid, så eg fekk tid til å sjå på Sudokuen. Sist helg lova eg meg sjølv at eg skulle slutte å stresse med desse oppgåvene i Mørenytt, men no trur eg at eg har forstått litt meir, for no i dag løyste eg det heile men ein liten vri. 

Eg har ikkje laga middag i dag, men åt brødskiver med sylteflesk og raudbetar til middag,  Eg prøver å ete mat som inneheld jern, for det var einaste feilen legen fann på blodprøva mi-litt for lite jern. Solveig har greie på slikt, ho hadde no eit studieår i Bergen der ho læte om" Mat og helse". Så no har ho sett meg på diett.

Eg likar ikkje den nye frisyren min, det var vel ikkje så mykje å få utav hårtufsane mine,men sist eg klipte meg vart det fint. Eg får spare til parykk!

No går det fort mot jul. Her i nabolaget er det så mykje lyspynt som aldri før-

Det vart vel julestemning med ein gong snøen kom. No fer snøen igjen, og i dag har eg ikkje vore ute for ei dør.

 

torsdag, november 28, 2024

Dagbok 2024: 28.november


Klokka er no 15.43. Temperaturen ute er minus 3 grader, men det er kaldt nok-
bilda er tatt på parkeringsplassen ved ALTI.Det har vore sol i heile i dag, men den kom ikkje så langt ned at vi hadde nytte av det.
Det har vore ein relativt aktiv dag så langt.

Eg var på trening frå 10-11, som vanleg, men då eg kom heim ville eg ha meir trim, så eg tok på meg piggskorne og tok staven i handa og gjekk ein relativ stor runde, Eg  likte ikkje så godt å gå ute når det var mørkt, slik som i går, så eg ville gå på dagtid. Eg gjekk ein relativt stor runde, men det var fint å vere ute.
Då eg kom inn att laga eg meg ein hurtig middag av restane frå i går.
Så var det ikkje lenge før eg skulle til frisør. Eg parkerte ved Alti, slik eg gjer når eg skal i gågata, og i dag passa eg på å ikkje parkere for nær andre bilar.Det var mange bilar på ALTI i dag , det er vel nedsette prisar heile veka, men mest på fredag , trur eg.
No er eg heime att og skal vere her til i kveld, då skal eg opp til Marit og vi skal sjå 2, delen av filmen om Quisling. Filmen er delt opp i 5 delar, så det blir fleire veker før vi har fått med alt.
Eg kjem ikkje til å gjere så mykje no., men eg kan no strikke litt og sjå TV.
No vart det eir lite avbrekk her for det ringde på døra. Og der stod det ein mann med ein pakke.

Eg lukta lunta med ein gong,Den eldste av alle barnebarna mine brukar kvart år å kjøpe ein blomst eller 
eller ei samanplanting til meg før jul. No jobbar han i Oslo for ein periode, men ikkje gløymt meg.


Tusen takk, Einar!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...