Klokka er no 15.43. Temperaturen ute er minus 3 grader, men det er kaldt nok-
bilda er tatt på parkeringsplassen ved ALTI.Det har vore sol i heile i dag, men den kom ikkje så langt ned at vi hadde nytte av det.
Det har vore ein relativt aktiv dag så langt.
Eg var på trening frå 10-11, som vanleg, men då eg kom heim ville eg ha meir trim, så eg tok på meg piggskorne og tok staven i handa og gjekk ein relativ stor runde, Eg likte ikkje så godt å gå ute når det var mørkt, slik som i går, så eg ville gå på dagtid. Eg gjekk ein relativt stor runde, men det var fint å vere ute.
Då eg kom inn att laga eg meg ein hurtig middag av restane frå i går.
Så var det ikkje lenge før eg skulle til frisør. Eg parkerte ved Alti, slik eg gjer når eg skal i gågata, og i dag passa eg på å ikkje parkere for nær andre bilar.Det var mange bilar på ALTI i dag , det er vel nedsette prisar heile veka, men mest på fredag , trur eg.
No er eg heime att og skal vere her til i kveld, då skal eg opp til Marit og vi skal sjå 2, delen av filmen om Quisling. Filmen er delt opp i 5 delar, så det blir fleire veker før vi har fått med alt.
Eg kjem ikkje til å gjere så mykje no., men eg kan no strikke litt og sjå TV.
No vart det eir lite avbrekk her for det ringde på døra. Og der stod det ein mann med ein pakke.
Eg lukta lunta med ein gong,Den eldste av alle barnebarna mine brukar kvart år å kjøpe ein blomst eller
eller ei samanplanting til meg før jul. No jobbar han i Oslo for ein periode, men ikkje gløymt meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar