søndag, februar 05, 2023

Dagbok 2023: 5-februar


 Klokka er no 16.42, temperaturen ute er + 2grader, men på skjermen min står det "temperaturfall"- for eit par munutt sidan, stod det "temperaturen stiger"-så eg går ut frå at det er litt uroleg på verfronten.

I dag stod eg ikkje opp før klokka 10, men eg la meg seint i går. Etter frokost prøvde eg å få skikk på strikketøyet mitt, lestar av tynt garn. Det enda med at eg rekte opp halve brotet og så kunne eg ta det derifrå. Det går vel bra til slutt. Då klokka gjekk mot 13 tok eg på meg piggsko, og i dag vart det ein runde på vernet. Der var is og snø, men med piggsko går det bra. Det blir litt tyngre å gå, men så går ein veldig trygt. Det var ei venninne som fekk meg til å kjøpe dei i fjor, ho bestilte dei på nettet, men dei hadde på butikkar her også. Før hadde eg lause broddar, men då måtte eg heile tida passe på at dei ikkje datt av.

Eg var ute og gjekk i vel ein time, og då eg kom heim laga eg middag. Eg laga grønsaksuppe med svenske kjøttbullar, og til dessert fekk eg svenske kirsebær på glas  med krem og krumkake til.

I går kveld sat eg og såg og høyrde Grand Prix, det gjer eg no kvart år. Men eg har slutta å meine så mykje om det, for ingen ting er slik som før, der heller. Og der er som regel ikkje heilt etter min smak.

No på ettermiddagen har eg sett konserten til Demenskoret for tredje gong. Eg synest det er rørande, Men så kan eg ikkje unngå å tenkje at viss/når eg blir dement kan eg ikkje synge ein gong.

Komande veke skal eg på trening tysdag, men ikkje torsdag, men så skal vi starte opp att med spansk på onsdag. Så no får eg litt å bryne meg på.

Det er eit guffent ver, men eg har ved og fyrer i omnen og har det bra.



lørdag, februar 04, 2023

Bildet er tatt frå toppen av Storebakken mot "bydelen"Mosmarka kl.17.15 i dag

Klokka er no17.55, temperaturen ute er+4 grader, men den skal stige seier PC-en min.  Det er is og snøpå alle vegar her oppe, så eg har god bruk for piggskorne mine.

Dagen i dag har eg rota litt bort, eg hadde i utgangspunktet relativt store planar, hadde mellom anna tenkt meg til Vik. Men så sette eg meg til å strikke på den nesten ferdige lesten som eg begynte på i går, så vart det litt plunder før eg kom i mål. Eg hadde kveikt i omnen og hadde det varmt og godt, og på TV-en var Lars Monsen. Då eg hadde felt av lesten kontakta eg Marit for å høyre om ho hadde ærend. Vi vart samde om å berre handle på KIWI i dag.Eg var litt irritert sist eg var på butikk, for eg hadde ikkje handla middagsmat- så det gjorde eg i dag.

Eg laga meg ein skikkeleg god middag då eg kom heim; steikt ørret med poteter og grønsaker. Men klokka gjekk og gjekk og det begynte å skymest. Eg la opp lest nr.2 før eg tok piggskone på meg og gjekk strafferunden. Når eg trur eg skal brenne nokre kaloriar kjem eg alltid på noko Rasmus sa ein gong det var på tale:"Er du klar over kor langt du må springe for eit knekkebrød?" Det mørkna meir og meir mens eg var ute, eg hadde lommelykta med meg, men slapp å bruke den , for her er gatelys overalt og snøen er kvit. Då eg kom heim att hadde eg ikkje vore borte meir enn tre kvarter. Eg har fyrt i omnen i dag, for sola kom ikkje fram. No blir det spøt og MGP -Eg kan ikkje seie at musikken og framtoningane var etter min smak, men det er kanskje slik ungdommane vil ha det. Eg likte best jazzen. Så får tida vise kven som går i mål

fredag, februar 03, 2023

Dagbok 2023: 3.februar


                                                     Akkurat no, kl.16.00

Klokka er no 16.00, temperaturen er minus 2 grader C. Sola kom inn stoveglasa på samme tid som i går, vi har hatt sol i heile dag, meir og mindre , men o trur eg sola er i ferd med å gå ned.Marit såg at sola kleiv honnje i dag, men det såg ikkje eg . Ho bur litt lenger oppe. Eg har enno ikkje kveikt i omnen. 

Etter frokosten i dag sat eg og strikka og såg serie. Eg har begynt å strikke på garnet Margrete kom med. Det var for tynt til å strikke på pinnar nr.  3, så eg gjekk ned til 2,5. Det stod forøvrig på papiret rundt. Det er vanskeleg å strikke fint og jamt med så tynt garn, i alle fall kan ein ikkje slappe for mykje av.

Fredag er vaskedag her med meg, då tek eg kjøkken og bad litt grundig. Eg likar i grunnen å vaske, det er berre det at ryggen min ikkje likar det. Men eg ville gå tur i lag med Marit i dag også. Vi er no låke i ryggen begge to så vi treng ikkje å stresse.

                                                      Starevegen  kl.14.00

Det blei ingen lang tur; vi gjekk ei runde Starevegen -Olavsgata -Starevegen . Så tok eg meg ei stund med avisa før eg laga meg litt mat. Så har eg tatt fram spanskboka mi og lese litt i den. Å lese og forstå er ikkje så vanskeleg, men når ein skal til å snakke og lage setningane sjølv , då slit eg litt. Men eg gjer det heilt frivillig.

Eg har ingen plan for morgondagen, men eg skulle vore nedover og sett om Clas har utelampar. Det er så irriterande at vi ikkje har EL-butikk i Ørsta lenger, alt skal vere borte i Furene- og det er Volda.

No har visst sola gått ned bak fjella i vest, så då må eg  fyre med ved.

Som sagt kjem fredagane mykje oftare no enn før-då var det lenge mellom helgane,

No ønsker eg alle ei fin helg!


torsdag, februar 02, 2023

Dagbok 2023: 2.februar

Sola kliv snart "honnje"


 Klokka er no 15.40, temperaturen er litt under 0 grader og det er nydeleg vêr med sol og nesten klår himmel.

Vi fekk melding frå fysioterapeuten i går kveld om at det ikkje vart trening i dag. Det er diverse saker som skal gjerast på romma der vi trenar og då kan vi ikkje vere der. Så i dag då eg stod opp og hadde ete frokost, sette eg meg til å sjå serien min mens eg strikka og skulle følgje med sola , kor tid ho kom og fór t.d. Vi har ikkje fått observert dette før i år fordi det har vore så lite sol og klårvêr.

Sola skein inn i stova til meg då klokka var 9.55. Ho hadde ein lite pause etter klokka 12, men så har ho vore her heile tida sidan, og eg ser henne enno, men no held ho på å gå bak om fjella i sørvest. Det er berre herleg å sjå att sola-og det utan at det er gnallkaldt.

Når vi ikkje skal ha trening så blir det nesten som ein fridag. Og kva skulle eg bruke den til i tillegg til å observere sola. Jau, det er alltid noko ein kan gjere sjølv om ein er låk i ryggen. Eg tok og støvsuga teppegolva, tørka støv og tok oske ut or omnen etc., også bytte eg på senga mi, men då ringde det på døra. Det var Marit med rullator greier som ville ha meg med ut på tur. Eg heiv på meg litt meir klede og så gjekk vi, like langt som eg plar gå når eg tek ei liten tur på Vallabøen-Men det er mykje kjekkare å gå når ein har nokon ilag med seg. Eg håper det ikkje vart for mykje for Marit. 

Eg var på butikk på måndag, men då hadde eg ikkje kjøpt alt eg trong, så eg hadde ærend på KIWI i dag også. Eg var litt spent på om eg fekk ut bilen sidan det ikkje var måka bort til garasjen, og snøen var altfor hard til å moke i dag. Det gjekk kjempefint og utan problem.

Då eg kom heim var eg svolten, så eg åt grauten som eg hadde att frå måndag, hadde ikkje tid å lage meg noko. Og så kokte eg meg kaffi til dessert. No er sola borte bak skyene , så no blir de vel å kveike opp i omnen, ta fram strikketøyet og sette på TV, Eg brukar å høyre mykje nyheiter når eg strikkar -om att og om att.

Det er ikkje til å tru, men i morgon er det fredag igjen.



onsdag, februar 01, 2023

Dagbok 2023: 1.februar


 Klokka er no 15.55, temperaturen ute er minus 1 grad. Det har vore ein fin dag- finare etter kvart. Om morgonen var det skya, men etter kvart klårna det opp. Eg fekk ikkje sjå sola før ho forsvann bak Melshornet, men no er ho så høgt oppe at vi ser henne etterpå, ei stund mellom kl.13-14.Det var nydelig å få sola inn, eg kjende at ho varma, men ein "bakdel"skal det no vere med alt, for vindua var heilt grusomme-endå eg vaska dei sist haust, etter at taket var ferdig. Men slik er det berre-eg pussar ikkje vindua når det er kuldegrader.

I går kveld hadde eg eit oppgjer med meg sjølv. Eg kan ikkje berre sitte og strikke og sjå TV og drikke kaffi. Og no har eg gjort ein avtale om at eg skal gå ut og trimme ein time nesten kvar dag. Dessutan må eg rydde opp og vaske i huset mitt, eg skal begynne med å rydde skuffer og skap, minst ei/eit for dag. Eg begynte i går kveld då rydda er og sorterte sokke-skuffa mi. I dag har eg tatt to skuffer, men det var lettvint og fort gjort.

Lerkevegen

Eg vart sittande med strikketøyet mitt ei stund etter at eg stod opp, men etter kvart kom eg meg ut for å trimme litt. Eg gjekk opp Storebakken, ned Fonnavegen til gata nedanfor Olavsgata, og då var det beine vegen bort til Vikemarka skule. Eg gjekk med piggsko, så det var ikkje problem med å gå-men så er det den gamle ryggen, den var nesten av etter at eg hadde gått i 70 minutt. Føtene greier seg bra, og viss eg hadde gidda å ta ut sparken så hadde det vore bra for ryggen å støtte seg på den-og så kunne eg ha sett meg ned å kvile. Sparken er nokså ny og fin å sjå til og heilt i orden. Men den har hange nede i tilbygget sidan Nils hengde den opp. Eg har ikkje gidda å ta den ned, og så er eg redd for at snøen fer med det samme eg har fått den fram.

Så er det noko som er litt problematisk og det er at eg blir så svolten når eg er ute og går. Hele livet har eg vore fryktelig glad i mat, altfor glad i mat vil eg seie,eg trudde eg skulle bli mett når eg vart gammal, men det skjer ikkje.

Så eg måtte lage meg litt mat då eg kom heim, og så måtte eg ha litt kaffi-og til kaffien skulle eg ta ein sudoku som eg hadde liggande (Frå bladet Pensjonisten)

Å få i seg kaffien var inga sak-men sudokuen er ikkje løyst- Som sagt så tok eg eitpar skuffer, og no skal eg hente ved og fyre i omnen, sjølv om eg ikkje fann særleg mykje brennbart i dei skuffene. Eg har varmepumpa på heile døgnet, men  det er ikkje nok.

                                    Ved Vikemarka skule

PS: Komande onsdag den 8.februar, begynner vi på spanskkurs igjen.

tirsdag, januar 31, 2023

Dagbok 2023: 31.januar


 Klokka er no16,45, temperaturen på trappa er +2 grader. I dag morgon var det nesten regn, men no ser det ut til å klårne opp, då blir det vel kaldare , men vi får sol. Eg har alt snudd kalenderbildet over på Februar.

I dag var det min tur å køyre på trening, men sidan det var moka oppe hos Marit, tilbaud ho å køyre. Eg er ikkje så flink å moke i år som eg var i fjor. Det har med ryggen å gjere. Men då vi kom heim att var mykje av tunet mitt moka, så no trur eg at eg kjem ut med bilen om eg vil. Det er sikkert ein av naboane som har hjelpt meg igjen. Marit og eg handla litt på KIWI i dag også, men først var vi innom apoteket.

Då eg kom heim såg eg litt på TV før eg laga meg mat. Eg hadde tenkt å gå ein tur etterpå, men så måtte eg ha litt kaffi først. Og då var det gjort. Eg blir så sigande trøtt når eg er mett at eg søv eller "halvsøv "så snart eg set meg inn i stolen. Og så syntest eg ikkje der var varmt, enda eg hadde fyrt godt i omnen, så eg var ut og henta meir ved. I dag gjekk eg i ein genser som ikkje var ULL-eg trur det er derfor eg er frostig, så eg skal byte om til den gamle oransje kofta mi-det er den eg likar best å ha på meg heime, eg har slete hol på begge albogane, men strikka nye ermar. Eg må seie at den er velbrukt. Eg har tre andre kofter som er uskada.

Bodil informerte meg om at raset på Eid ikkje gjekk på Torheim, men på Taklo. Taklo ligg på sørsida av fjorden og er ikkje så lagt frå sentrum, men på TV seier dei heile tida Torheim. Torheim ser ein ikkje frå sentrum.

Då eg sette meg til å skrive var det heilt lyst ute, no er det skymt, men det er opplett.




mandag, januar 30, 2023

Dgbok 2023


 Klokka er no16.53, temperaturen ute er + 1grad, og vi har fått ny forsyning med våt og tung snø. Eg likar det ikkje. Eg har nettopp vore ute og gått ei lita strafferunde, men eg vart så låk i ryggen at eg tok kortaste vegen heim.Eg vart litt skuffa over ryggen, for eg trudde den hadde lækt seg sjølv. Kan ein få vondt i ryggen av å strikke?- for noko anna har eg ikkje gjort i dag.

I dag var det fridag, så eg hadde lagt diverse planar. Eg skulle farge håret mitt, det er lenge sidan sist eg gjorde det sjølv. Eg var hos frisør den 1.desember og då farga ho det. Eg har hatt problem med at håret vert altfor mørkt når eg fargar det sjølv. Eg har prøvd ut heile fargeskalaen ned tll  lys blond. Men håret blir svart uansett. I dag prøvde eg "lys brun"- som sjølvsagt også blei svart.

 Neste gong skal frisøren få farge det- eg tru vi tek GRÅTT-Eg hadde tenkt å køyre til Vik og gjere nokre ærend i dag. Men det snødde masse tung snø, så det vart ikkje til at eg for. Sidan eg var heime likevel fekk eg tatt to klesvaskar og ei runde med oppvaskmaskina. No står det att å få alt på plass. I dag kokte eg risgraut til middag, det var det eg hadde lyst på i dag. Innimellom sat eg å strikka på ein lest-som vanleg-og hadde TV-en på NYHEITER.  Eg veit ikkje kor mange gonger eg såg og høyrde om alt som skjer. Det var no mykje frå Nordfjordeid-eller rettare sagt  frå Torheim- Eg er fødd og oppvaksen på Eid, men eg har nesten aldri vore på Torheim, berre ein gong har vi køyrt inn til gatneriet.

Eg orkar ikkje å moke mykje snø i dag, og det er min tur å køyre til treninga i morgon. Det blir vel ei råd. I dag såg eg snurten av sola både før og etter toppen på Melshornet, så viss det blir klårver no, kan det bli fint. I går bles det så kraftig at eg måtte ut og berge bossdukar m.m,


PS: Sudokuen som eg bala slik med, fekk eg fullført i går ettermiddag-så hjernen er ikkje heilt død.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...