mandag, januar 04, 2021

Dagbok 2021: 4.januar

Klokka er no 15.40, temperaturen ute er minus 7 grader, det er berre litt snø, og nydeleg vêr. Sola skin på fjelltoppane. Eg har nettopp ete middag, det var suppe frå i går + kaffi og kake. Eg sit på datarommet mitt og skriv, har ikkje fyrt opp i stova enno, for eg har ikkje vore så mykje heime. På føremiddagen i dag dreiv eg og rydda vekk jula, eg synest ikkje det er julestemning lenger uansett. Litt er der att, stjerna i stuevinduet- og juledekorasjonen, den kastar eg sjølvsagt ikkje. Eg hadde ærend til Vik i dag, blant anna måtte eg ha blekk til printeren. Då Marit høyrde at eg skulle nedover, ville ho vere med, for det blir ikkje trening i morgon, så då blir vi heime. Eg handla veldig lite mat på Spar i dag, men ho skulle ha litt meir. Eg var også innom apoteket og kjøpte kalktablettar, dei tek eg på ordre frå legen min. Eg synest all medisin etc. er dyrt. Mat er billegare. Det var så fint då vi kom heim att ca.13.30 - og eg hadde klede på meg, måtte berre supplere med den raude strikkahua mi, så eg bestemte meg for Vernet. Det er så artig med det Fonnvernet, alle kjenner kvarandre der og om ein ikkje kjenner folk, pratar ein med dei like vel. I dag kom eg i prat med ein mann frå gata rett nedanfor oss, som eg ikkje kjende frå før, men vi gjekk nesten ein heil runde i lag og vart gode venner før runden var slutt. På vår veg traff vi også ei av venninnene mine frå Olavsgata, og ho hadde planane klar for korleis ein kunne bruke Vernet i framtida. KONSERT var ein av planane. Konsert nede i det som eg kallar avgrunnen. Eg tenkte med ein gong: Akustikk! Då kunne mannen, som eg kan kalle H, at ein han kjende hadde prøvd å synge der og det funka heilt fantastisk- der er no stein og berg på alle kantar. Venninna mi hadd mange planar, det har ho som regel. Eg har ikkje slik fantasi som ho. Det var fint og lett å gå på Vernet i dag, litt kald snø som jamna ut vegen, der det eigentleg er veldig grov grus, nærmast singel.No skal eg snart fyre opp og flytte inn på stova til strikketøyet mitt og TV-en. Varmepumpa er ikkje stort hjelp i når det er skikkeleg kaldt.

søndag, januar 03, 2021

Dagbok 2021: 3.januar

Klokka er 18.16, temperaturen ute er minus 7 grader. Uvant med slik kulde no etter så mange milde vintrar.Men det har vore ein nydeleg dag med sol i fjella. Eg har ikkje vore lenger enn ut i garasjen for å hente ved. Det vert lett huskaldt i eit nesten tomt hus når ein ikkje verken kokar eller steiker-eller gjer noko anna.Eg skulle ha hatt ei sterkare varmepumpe, men eg får klare meg med den eg har, så lenge den varer. I dag har eg stort sett gjort berre ein ting: Eg har høyrt lydbok. Det var ei bok som Margrete likte godt,eg har høyrt den på Storytel, begynte i går, las på senga i gårkveld/natt og vart ferdig for ei lita stund sidan. Skulle skrive om den på bloggen, har litt problem med å overføre bilde til bloggen, men eg skal nok få det til. Til middag i dag laga eg grønsaksuppe med pølsebitar, det er ein av favorittane mine. Dessert vart kaffi og brsiliansk fruktkake. Det er ikkje heilt slutt på jula enno. I alle fall ikkje på maten. Eg veit ikkje kva eg hadde tenkt meg før jul, men har i alle fall handla inn mat som eg trur kjem til å vare til påske. Palmesundag er 28.mars i år. Datoen 3. januar får meg til å tenke på tre ting: Det er Rasmus sin dåpsdag, Solveig sin halvt-års-dag, og bestefar Arne på Kongsberg sin fødselsdag. Kor gammal han er no, er eg ikkje sikker på, men han er i alle fall godt over 80. Eg har ikkje hatt på TV i dag, så no blir det spennande å få vite kva som skjer i verda. Eg skulle sikkert hatt meg ein tur ut i dag, men det var kaldt og boka var spennande. Margrete hadde lese ei bok til av samme forfattar, men eg kan ikkje begynne på den enno, for i morgon må eg få gjort noko. Skulle ha vore på ALTI, for eg treng blekkpatroner til printeren min, og kalktablettar til meg sjølv, blant anna. Eg kjem meg lett ut med bilen viss det ikkje kjem meir snø med det samme. Eg har lyst å hive ut julepynten, for jula er slutt. I gamle dagar hadde vi jul til langt ut i januar, med juletrefestar og greier, no feirer vi jul heile desember, så då får det vere nok.

Bøker 2021: Bok nr. 1: Ingen flere tårer

Om Ingen flere tårer Bonnie og Rod er gift og har en liten datter, Amanda. En dag ringer Joan, Rods ekskone, og sier at Bonnie og Amanda er i fare. De avtaler å møtes, men da Bonnie kommer, finner hun Joan myrdet. Rods to barn fra første ekteskap flytter inn hos ham og Bonnie, og fryktelige ting begynner å skje. Hvem er det som ønsker livet av Bonnie og Amanda? Og vil politiet tro på Bonnie, som er den hovedmistenkte i mordsaken? "Du er i fare. Du og Amanda." Denne advarselen leder Bonnie Wheeler til et sted hun aldri før har vært, der hun gjør en grusom oppdagelse. Bonnies liv blir aldri mer det samme. Enhver sannhet blir snudd til løgn, og de hun elsker blir til fremmede. Et mørke truer både henne og hennes datter. Deres hjem er ikke lenger trygt, og det finnes ingen hun kan stole på. Absolutt ingen. ......................................................................... Dette er den første boka eg har lese av denne forfattaren, og boka var nesten umuleg å legge frå seg, det er vel det ein kan kalle ein psykologisk thriller. Eg likar slike bøker betre enn vanleg krim med politi, skytevåpen, datautstyr og heile pakka. Etter mi meining er det kvinner som er best på krim. Neste bok av samme forfattar heiter "Sannhetens mareritt"

lørdag, januar 02, 2021

Dagbok 2021: 2.januar

Klokka er no 16.50, temperaturen ute er minus 5 grader,og vi har fått ny snø; heldigvis ikkje så mykje. Det begynte å snø i går kveld, men i dag har det vore opplett.No har eg vore oppe hos Marit aldri så lenge, så i dag har eg ikkje utretta mykje. Rakk å shine kjøkkenet og vaske håret før eg gjekk over vegen, men mesteparten av tida på føremiddagen sat eg og høyrde lydbok. Margrete blogga om nokre bøker ho hadde lese på Storytel og i går kveld begynte eg på ei av dei. Den er ikkje lett å legge frå seg. Eg fyrte i omnen på føremiddagen, men må nok kveike opp ein gong til når eg skal sjå fjernsyn. Elles held eg meg mykjepå datarommet på dagtid, her blir det fort varmt med ein elektrisk omn. Varmepumpa greier ikkje å halde det varmt på stova sjølv om den står på heile døgnet-men eg har ved. Eg har TV-en ståande på mykje av dagen for å følgje med det som skjer på Gjerdrum, og heile kveldane eg der program som eg ser, så då får eg strikka litt også. Og i morgon er det enda ein søndag ! Eg hadde så smått tenkt meg ned på ALTI i dag, men slo det frå meg då eg såg snøen.Hadde ærend, men ikkje SÅ viktige. Eg ser fram til kvardagar igjen , med trening og alt som følgjer med. Og så ser eg fram til å få vaksine-det blir ok ei stund å vente, ja!

fredag, januar 01, 2021

Dagbok 2021: 1.januar

Klokka er no 15.54, temperaturen ute er minus 4 grader, og det har vore ein nydeleg dag med sol frå klår himmel. No rekk ikkje sola heilt ned til der vi bur,den held seg i høgda, men vi veit at den er på veg. Den 18.januar skal eg ha solskin i stova dersom det er klårvêr. I dag var eg seint oppe, det var ingen tingsom hasta. Eg kom på at eg hadde gløymt å henge ut flagget på juledag, men så ville eg no hugse å flagge på 1.dagen i det nye året. Eg såg utover bygda -ikkje eit flagg var å sjå, men på oppsida av gata vår var det eit flagg; så hengde eg ut mitt, så var det i alle fall to. Frokosten min var nesten to timar seinare ennvanleg, så føremiddagen vart kort.Eg tok meg saman, hadde på meg den nystrikka hua mi, og gjekk ein tur på Vernet. I steintrappa møtte eg ei dame som kjende meg, og eg trudde eg kjende henne også, i alle fall vart vi ståandeog prate ei stund....... Då eg hadde gått eit stykke til, kom eg på kven ho var. Eg er heilt håplaus når det gjeld å kjenne att folk, og slik har eg vore heile livet-ikkje berre no på gamle dagar. Eg hadde fyrt opp i omnen før eg gjekk ut, men måtte legg i ein gong til no. Det skal litt oppvarming til når ein er åleine i eit heilt hus.Men eg har ved! Eg hadde tenkt å utsette middagen eit par timar sidan eg åt så sein frokost, men det gjekk ikkje, så det vart middag klokka 15, som vanleg. Eg åt opp nesten heile ribba frå i går, men desserten held ein dag til. No skal eg etter kvart tilbake til den gamle dietten, det bir litt for mykje mat i juletida. Eg har ikkje sett særleg mykje TV enno i dag, og ikkje har eg strikka. Derimot har eg lese i boka mi"Kvinner i Ørsta og Volda". Det er ei interessant bok, og eg kjenner mange av kvinnene. Det som gjer meg lettare frustrert å lese om alt det desse kvinnene har gjort. Ikkje berre har dei hatt mann og barn, dei fleste, dei har hatt jobb, vore med i styre og stell,og brunne for mange gode saker osb.osb.Det er ikkje måte på kor mykje dei har fått tid og krefter til. Eg spør meg sjølv:Kva er det dei IKKJE har gjort? Og kven har gjort det dei ikkje rakk? Eg føler i alle fall på at eg ikkje har gjort særleg mykje for lokalsamfunnet, men til mi unnskyldning kan eg minne om at Nils var ganske aktiv både i politikken og anna i mange år. Eg har tatt inn flagget, for det mørknar ute no. Eg skal snart ha på TV-en og ta fram strikketøyet. Men først må eg øve på spanskleksa som vi fekk på FB i går. Det vi øver på no er nok ein song: " NO LLORES POR MI ARGENTINA ".Vi skal ikkje starte opp att kurset før til hausten, men ein kan lære seg veldig mykje spask på nettet, på You Tube ligg der mange kurs.-Så er den første dagen i dette nye året snart slutt, og så får vi sjå om landet og verda kjem på fote igjen i det nye året. GODT NYTT ÅR 2021!

torsdag, desember 31, 2020

Dagbok 2020: 31.desember

Klokka er no 15.55, temperaturen er + 1,5 grader og det ser ut som det har regna litt. I dag hadde Marit og eg avtalt å fare ein tur på gravplassen kl.12, så det gjorde vi. Eg bytta batteri i lyset og kveikte eit "levande" lys i tillegg.På heimvegen oppdaga eg at det var glatt på vegen, men det skjedde ingen ting. Då vi kom heim avtalte vi at Marit skulle komme ned til meg kl.12 og drikke kaffi og ete kaker- vi fekk osss ei god pratestund i dag, lenge sidan sist! I dag skulle eg lage svineribbe etter oppskrift frå TV-kokken. Sette ribba i omnen på 180 grader, så eg trur den er ferdig for lengst. Det er no berre ei lita ribbe berekna til ein person. Eg kjøpte ei bfamilieribbe, men skar av den tjukkaste enden og salta den, kanskje blir det "erter ,kjøt og flesk" ein gong i framtida. Eg har fløte og risgraut så det kan bli dessert også når det lid på. Eg er ikkje svolten enno. Har ikkje hatt på TV-en sidan i dag tidleg, så no må eg sjå og høyre om det har skjedd noko meir. Eg vil ønske alle ei fin nyttårsfeiring og ei Godt Nytt År 2021.(Bilda tok eg frå trappa ca 15.50)

onsdag, desember 30, 2020

Dagbok 2020: 30.desember

Klokka er no 16.25, temperaturen ute er minus 2 grader C og det har vore ein nydeleg dag, men dagane er korte og det er alt møkt ute.Eg var oppe til vanleg tid og styrte med ymse, la i omnen t.d. Var innom datamaskina og der hadde Marit skrive om Raset på Gjerdrum. Ho brukar å sjå nyheiter på TV om morgonen, det gjer ikkje eg, men i dag måtte eg gjere det. Eg synest at det ofte skjer dramatiske ting i jula, men det er kanskje fordi der er i jula det skjer at vi hugsar det så godt. Asker-flyulykka var lille julafta, Tsunamien var 2.juledag, og så har vi hatt stormar, nyttårs-orkan ein gong og orkan i jula ein annan gong. I dag har eg hatt på TV heile dagen og følgt med. Eg synest at folk er flinke til å stille opp og hjelpe, både dei som har det som jobb,og andre frivillige som hjelper til. Og Erna måtte på plass ho også, sjølv om det er jul. Det som er mest spennande er om dei får greie på kva som har hendt med dei 21 som ikkje er komne til rette. Det vart til at eg gjekk ein tur på Vernet i dag også, for å komme meg ut litt. Eg trefte fleire eg kjenner og slo av ein prat. Då eg kom ned att på bilvegen trefte eg ein pensjonert lege med rullator. Eg kjenner han litt frå før, så vi vart gåande å prate saman. Han fortalde at han går 5 kilometer for dag, med rullator eller stavar. Eg spurde korleis han målte -og det var på telefonen, sa han. Då eg kom heim att kokte eg risgraut til middag i dag, med tanke på dessert i morgon. I dag gjorde eg slik som mamma gjorde, eg la koparpengar på plata og sette gryta over. Grauten sveid ikkje i botnen i dag. Elles har eg strikka nesten ferdig første erma og begynt på den andre på jakka mi.Eg strikkar når eg ser TV. Eg har tatt opp av frysaren ei svineribbe som eg kjøpte før jul. Eg har tenkt å steike noko av den, og salte resten. Dette får vere siste utskeielsen i matvegen denne jula. Må nok snart til med strieskjorte og havrelefse igjen, og godt er det. Eg hadde tenkt at Marit skulle komme ned til kaffi i dag, men ho var invitert til Volda. Eg kjeder meg aldri, eg har mykje å gjere, og TV-en syter for underhaldning. I morgon er det nyttårsaftan, og eg håper som vanleg(forgjeves) at det ikkje blir så mykje rakettoppskyting, det er alltid nokon som vert skada av det også-og hundar og andre dyr blir redde. Eg vil ønske alle ei fin nyttårsfeiring !

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...