lørdag, september 05, 2020

Dagbok 2020: 5.september


Klokka er 18.10, det er + 10 grader ute, det regnar og det har det gjort i heile dag, meir og mindre. Eg hadde ikkje så mykje eg måtte gjere i dag så eg tok det med ro, strikka litt, sjekka Facebook og høyrde lydbok.
Margrete ringde og sa at dei var i Ørsta og ville komme oppom, og det vart no eit kjekt besøk. Margrete hadde kjøpt med seg wienerbrød og eg hadde kaffi, brus og is.
Marit og eg hadde avtalt at vi skulle ta ein tur i Furene seint på dag når trafikken hadde avtatt og det gjorde vi. I dag var det Marit som køyrde.
Først var vi på Plantasjen, der ho skulle ha ein potteplante og eg skulle ha lyng til grava. Eg fekk veldig fin lyng, og det kan hende er fer fram på gravplassen i morgon om det ikkje regnar for mykje.
På Rusta hadde eg aldri vore før, så i dag tok eg sjansen på å utforske den billigbutikken. Eg kjøpte diverse småting som eg følte eg hadde behov for. Til slutt handla vi mat på Coop Extra. Då vi kom heim sat vi og prata i bilen ei stund slik vi plar gjere. Vi synest det er kjekt å vere i lag og handle i staden for å fare åleine. No ser eg fram til ein underhaldande kveld med både song og dans i to kanalar. Men først skal eg lage meg litt mat som liknar på middag.

fredag, september 04, 2020

Dagbok 2020: 4.september

Haustfargane er i kjømda.


Klokka er 16.35,  temperaturen er + 13 grader og det kjem stadig regnbyer. Ikkje det vêret eg likar best. Eg er komen i vane med å vere ute og jobbe, så når ikkje det går an, går eg på tomgang.
I dag skulle eg ta fredagsvasken, men det var fort gjort sidan eg hadde tatt støvsuginga i går.
Eg hadde så smått tenkt meg nedover i dag, men så hadde eg ikkje lyst likevel, så eg fann på så ymse her heime.
Den største utfordringa i dag var å løyse fredags-sudokuen i Møre-Nytt. Eg henta den på data i går kveld og begynte så smått, men den var vanskeleg. Tok den att fleire gonger i dag, men trudde eg måtte gi opp, for første gang. Men så løsna det plutselig og eg kom i hamn.
Elles så tek eg spanskleksjonar på nettet kvar dag for å hugse litt av det eg har lært. Og så har eg funne meg ei ny bok på Storytel , men eg les også i boka som eg fekk av Øystein. Strikketøy har eg også, men det kjem ikkje fram før eg set meg til å sjå TV.
I ettermiddag ventar eg Marit ned ein tur, så då får eg litt selskap.
Eg kan seie det slik: Livet mitt er om lag så spennande som bloggen min, for tida, men eg klagar ikkje. Eg kjeder meg aldri, og om eg skulle gjere det, så er det også OK. Eg ser fram til ei tid utan Coronasmitte, men eg trur ikkje det blir så snart.
No vil eg berre ønske alle ei god helg !

torsdag, september 03, 2020

Dagbok 2020: 3.september





Tre klematisplantar trivest i lag




Klokka er no 17.50, temperaturen er + 17 grader og det er skya, men opplett.
Sist natt vart eg liggande vaken lenge, eg hadde nok drukke for mykje kaffi i går kveld, eg brukar ikkje å drikke kaffi om kvelden. I dag var det eit heilt anna vêr enn det vi har hatt siste dagane, det var overskya og eg syntest det var litt skymt. Det var heller ikkje fritt for at det regna. Kort sagt: Det var ein innedag.
Eg henta inn klede frå altanen og la i hop, så strauk eg nokre plagg etc. Glasruta i omnen såg ikkje ut. Det er fordi eg har drive og brent all slags greier i staden for å ha det i bosset. Tidleg i sommar shina eg opp omnen, men så begynte eg å brenne igjen. Slikt straffar seg. I dag tok eg ut oska og begynte å vaske ruta, det vart ein større jobb enn eg hadde tenkt, og mange sortar vaskemiddel vart prøvd ut. NO er ruta bra, og viss eg no greier å la vere å brenne all slags rusk , kan den kanskje halde seg slik.
Potentillabuskene ved garasjen blomstrar endeleg


Så skulle eg støvsuge, hadde eg bestemt. Eg har ikkje greidd å opne støvsugaren slik at eg har fått bytta pose i det siste. I dag fekk eg det til, og no har støvsugaren fått støvpose som Rasmus bestilte frå Italia i sommar. Det var rette sorten. Det vart tungt å støvsuge i dag, for effekten er best med tom pose.(Eg kunne sjølvsagt ha stilt den ned, men eg vil ha best mogleg effekt). Parallelt med anna arbeid kokte eg risgraut for å nytte melk som enno ikkje var ute på dato, så det vart middagen i dag.
Marit og eg hadde planlagt å handle på Spar i dag, så eg shina meg litt opp til vi skulle fare. Det var nyopning på butikken i dag, og ein del tilbod. Mens eg venta på at vi skulle fare las eg ut boka mi.
Spar-butikken hadde verkeleg fått eit løft. Då dei heldt på å ominnreie såg der ut som ein labyrint. Eg trudde reolane skulle tilbake på plass, men nei. Der er framleis labyrint, men veldig fint og oversiktleg no. Det er den finaste matbutikken eg har sett på våre kantar. Og masse varer. Eg fann litt som eg trong, blant anna kaffi på tilbod, men kjøpe ikkje meier enn eg hadde bruk for. Eg skulle kjøpe sukker og JAM til plommene eg skal sylte. Eg tok ein 10-pakning med sukker og sa til Marit at no har eg sukker i to år, minst. Eg meinte eg hadde berre ein sukkerpakke att heime. Då eg kom heim talde eg 5 pakkar sukker i skapet + dei ti eg kom med, så no har eg sukker i all overskodeleg framtid.
Marit hadde ikkje så god tid i dag, så vi for rett heim. Dei hadde mange fine lyngplantar på Spar, så eg stikk kanskje nedom og kjøper ein til grava i morgon.
Eg lurte på om eg skulle gå ein tur på Vernet no eg kom heim, men det vart til at eg sette meg ned med ein kaffikopp i staden. Eg er litt trøtt i dag.
Eg meiner det er ei jente på Eid som fyller 20 år i dag, så då vil eg gratulere med dagen.

Bok nr.48 - 2020: Huset ved innsjøen.









Huset ved innsjøen er en ny medrivende og besnærende bestselger fra forfatteren bak Tilbake til Riverton og Hemmeligheter. Et forsvunnet barn. Juni 1933. I familien Edevanes herskapshus er alt klart for det årlige midtsommerselskapet. Den 16 år gamle forfatterspiren Alice Edevane er spesielt spent. Ikke bare har hun funnet det perfekte vendepunktet i romanen hun skriver på. Hun har også blitt forelsket i noen hun ikke skulle bli forelsket i. Men innen klokken slår midnatt og fyrverkeriet lyser opp nattehimmelen, har familien Edevane lidd et tap som gjør at de forlater hjemmet sitt for alltid.
…………………………………………………………………………………………………………
Bøker med bilde av damer bakfrå plar eg unngå, men eg hugsa at eg likte ei bok som Kate Morton hadde skrive ein gong. Eg las boka på Storytel. Og denne boka egna seg ikkje så godt som lydbok. Her er hopp og byks i tid og stad, og ei historie med tusen digresjonar. Eg var lei av boka lenge før eg var ferdig, men plutseleg var det stopp. Heldigvis.

onsdag, september 02, 2020

Dagbok 2020: 2.september


Klokka er no 20.05, temperaturen er + 19 grader. Det var ikkje så veldig fint vêr då eg stod opp, men det vart finare og finare utover føremiddagen.
I dag køyrde eg ned i Vik og fekk fylt både bilen og kanna med bensin, så er det gjort. Eg stakk også innom Europris og kjøpte noko ugrasmiddel som eg såg sist eg var der. Då eg kom heim att spraya eg skvallerkålen på austveggen, og etter ein knapp time var blada visne og brune. Så står det att å sjå om veksten tek seg opp att.
I dag bestemte eg meg for å plukke resten av plommene. Eg rista, raka og klipte greiner av treet, eg vog plommene for moro skuld, det vart ca. 5 kilo. Dei er no komne i frysaren, dei også. Eg hadde litt arbeid med oppryddinga også.
Eg åt litt tidleg middag og etterpå låg eg på altanen med lydbok ei stund.
Då eg kom inn at låg der ei melding frå Håkon om at dei ville komme ein tur i løpet av dagen. Og dei kom alle tre, vesle Amund var så blid og god at det var ei lyst å sjå han att. Men eg somla meg ikkje til å ta bilde, får sjå om Birte legg ut noko. Håkon fann litt plommer som var att på treet, dumt at han ikkje kom før -då her var meir å velje i.  Eg har frose ganske mykje plommer, men meir har eg hatt i komposten, det er kvepsar og sommarfuglar som har ete av overfloden.
I dag var eg komen ut av dagane, så eg måtte sjå på datamaskina for å finne ut at det var onsdag. Det har vore ein nydeleg dag, men så er det visst slutt på godvêret for denne gongen. Eg er glad for at eg har fått vore så mykje ute og gjort såpass mykje i hagen. I fjor haust fekk eg ikkje rydda opp i noko for då regna det heile tida. No har eg mykje tid å ta av sidan eg verken går på trening eller på spanskkurs. I finevêret saknar eg det ikkje, det blir verre når det blir innvêr.





tirsdag, september 01, 2020

Dagbok 2020: 1.september.


Klokka er 18.05, temperaturen på trappa er + 19 grader. Det har vore varmare i dag enn i går, så varmt at eg miste litt av arbeidslysta. På morgonen var det kjølig, så eg var verande inne ei stund, såpass eg fekk tatt ein spanskleksjon, eg treg å friske opp att det vesle eg kan.
Det var ikkje så mykje plommer på marka i dag, så plukkinga var fort gjort. I dag hadde eg eit anna prosjekt. Eg plukka resten av ripsen på den eine ripsbuska eg har att. Så tynna eg den ut, dvs. klipte bort mange kvistar. Før i tida då vi var to om jobben brukte eg å klippe greiner og så sat Nils og eg ved hagebordet og plukka bæra av stilkane. Då hadde vi fleire busker også, no har eg ikkje hagebord eingong. Å tynne ut og klippe busker er ikkje så enkelt, det kan vere vanskeleg å få pent. Eg er bra fornøgd i dag. Eg klipte litt på stikkelsbærbuska også . Alle greinene var klipt i småbitar og hatt i sekk. Til slutt reiv eg bort gras og ugras, så står det att å ha ny mold rundt, det skal eg gjere i kveld. Eg oppdaga at eg treng ikkje fare på VØR enno. Eg får 6 sekker inn i bilen min, og seks sekker har eg, men nokre av dei har stått til tørk så dei er berre halvfulle, så no får eg berre fylle på.
Eg for inn og åt "middag" i 15 tida, men då var det så fint og varmt at eg la meg på solsenga på altanen i staden for å gå ut og jobbe. Eg hadde Storytel på øyret i håp om at eg kan bli ferdig med den boka eg held på med ein gong.
Når eg les på Facebook ser eg at vennane mine (pensjonistar) reiser på turar hit og dit, eller går på setrar og fjelltoppar. Det er slikt som eg ikkje kan gjere, så derfor blir det at eg held meg i hagen, og det er heilt greitt for meg, men kanskje litt kjedelig for dei som les bloggen. Eg har ikkje vore nedover i dag heller, men det blir kanskje ein tur i morgon. No skal eg ut og opne ein moldsekk, fekk 6 sekker av Solveig i vår, og enda har eg to att.

Eg synest dette maleriet liknar mykje på eit bilde Margrete har på bloggen sin. Det er Svein som har malt det og motivet er frå Norangsdalen.


mandag, august 31, 2020

Dagbok 2020: 31.august





Klokka er no 15.30, temperaturen er + 16 grader C og sola skin frå nesten skyfri himmel. Eg ser alltid på denne dagen, 31.august, som siste dag på sommaren, for slik var det heile min barndom og ungdom så lenge eg budde på Eid og gjekk på skule der. Første september var det skulestart!!
Då eg vakna i dag hadde eg berre lyst å bli liggande i senga, men stod likevel opp og drog frå gardinene- og der var det eit syn å sjå- SÅ fint vêr! Men det var kaldt og mykje dogg i graset såg eg.
Eg hadde tenkt å plukke plommer i dag, og så ville eg klippe plenen opp mot gata, det vart ikkje gjort i den veka som var.
Det var for tidleg og for kaldt til å gå ut, så eg vart verande inne og vaska håret blant anna. Så var det dei evinnelege plommene som aldri tek slutt, eg plukka opp frå marka både det som skulle i komposten og dei som var brukande. Dette var på det største treet, men plommene var mindre og dårlegare enn på det treet som eg snaua i går. Merkeleg at eg har så mykje plommer, naboen har lite, og eg har høyrt rykte om at det er det mange andre også som har.
Eg begynte å riste ned plommer i tusental og rake dei ned med riva. I dag plukka eg og fraus 9 kilo med plommer som Solveig skal få når ho vil ha dei. Eg har 4 kilo i frysaren klar til bruk når eg har fått kjøpt Jam og har samla nok glas. Inntil så lenge har eg sylta eg fekk av Solveig å kose meg med.Klipte nokre greiner også og fekk opp i sekker. Eg har to ting eg MÅ gjere denne veka, det er å køyre hageavfall bort på VØR og så må eg kjøpe bensin på bilen og på kanna mi. Dette er to ting eg ikkje har så lyst til, men når eg har gjort det forstår eg ikkje det.
Då eg var ferdig med plommene klipte eg plenen rundt huset. Og så var det middagspause. I dag var det vegetarmat- og etter maten strekte eg meg ut ei lita stund på solsenga.
Så var det ut igjen, og no klipte eg oppe mot gata og etterpå tok eg like godt Skråninga, så no er heile tomta nyklipt.
Eg hadde tenkt å plukke resten av ripsen også, men eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein 80-åring kan ha? Det kjem vel ein dag i morgon også ?
Kvart år den 31.august tenkjer eg spesielt på far min, som vart fødd i 1899 og på mormora mi, som var på dagen 20 år eldre. Kvart tiår var det dobbelt-jubileum i familien. Pappa døde i 1961, då var han 62 år gammal. Besta levde til ho var over 80 år-eg er ikkje sikker på om det var 85, ho levde i alle fall lenger enn pappa.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...