Klokka er no 22.35, temperaturen er minus 4 grader, men på dagtid var det varmt, særleg inne i huset der sola står på heile dagen.
Eg hadde ikkje bestilt meg henting i kveld, så eg tenkte eg like godt kunne sitte på med ein av pleiarane som slutta klokka 22, og sjå MGP på Heimen. Eg måtte gå nokre minutt før det endelege resultatet kom.Eg synest godt at Rebecca kunne ha vunne, men greit nok med Rybak.
Av alle GP-kveldar var denne den mest spesielle eg har overlevd. Nils sov heile tida, men eg hadde TV-en på (ikkje for høgt) og såg heile programmet. Han var våken nokre minutt no og då så eg spurde om det var greitt. Han er veldig slapp og sløv, men glimtar til innimellom. "Eg har ikkje avtalt med nokon om henting", sa eg for å prøve om han var "med". "Då får du bestille Taxi", sa han. Seinare forklarte eg at eg skulle sitte på med pleiaren som bur i Olavsgata, og at eg ikkje kom til å vekke han før eg gjekk. Det var heilt i orden. Han bryr seg ikkje så mykje om at eg er der, han synest eg masar for mykje. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å vere der så lenge i dag, men så vart det slik.
Eg var ikkje sikker på kva land pleiaren kom frå, men det var Romania, og ho fortalde meg litt om livet sitt som ambulanse-sjukepleiar i fedrelandet. Dei er langt bak oss i utvikling.
Kneet mitt blir ikkje betre. Veldig irriterande at det skulle bli slik no, all vandring eg har meistra både denne vinteren og den førre, no er det ikkje sikkert at det blir så mykje meir vandring, men det er ikkje godt å seie.
På føremiddagen dreiv eg og rippa bøker og strikka litt, blant anna. Men så vart det kluss med "CD-buret" på maskina, så eg må vel bort på Lefdal og fikse det. Fekk ut plata som stod i.
Margrete og "ungane" kom i 14-tida. Eg hadde steikt sveler, det er det eg tyr til når eg ikkje har så mykje spennande i hus. Vi sat her eit par timar før vi alle for ut til Nils. Akkurat då vi kom var han litt vaken, og eg fekk lese opp helsinga frå Einar og fortalt litt om dei andre barnebarna.Men han ligg så mykje og søv og døser at det hender han har problem med å skilje kva han har høyrt og kva han har drøymt. Men som før sagt, det er viktig at han slepp å ha det vondt- og då må han ha medisin, rettare sagt smertelindring. Slik er det berre, same kor trasig det er.
No har eg diverse eg må gjere, og så må eg ha meg litt mat, og så får eg kanskje sjå litt TV (opptak frå i går)- natta er lang.
Gløymde visst å skrive "God helg" i går. Men det er no litt att av helga enno.
lørdag, mars 10, 2018
fredag, mars 09, 2018
Dagbok 2018: 9.mars.
Bilda er tatt klokka 11.20. Temperaturen er + 5 grader C. Det har kome litt blaut snø. Eg er blotta for energi, men må vel sjå til å få gjort noko. Planen er at Ragnhild skal køyre meg ut på Heimen klokka 15.00. Solveig kjem seinare. Ho kan køyre meg heim i kveld om det går etter planen.
Kl. 21.40, temperaturen er ca. 0 grader og det sluddar. No vil eg gjerne ha vår, og berre marker. Det kjem nok.
Eg er litt hemma av det vonde kneet mitt, men fekk i alle fall vaska litt til helga.
Ragnhild henta meg klokka 15 og køyrde meg ut til Nils.
Ragnhild henta meg klokka 15 og køyrde meg ut til Nils.
Han var sløvare enn nokon gong, og det var ikkje så lenge han var vaken mens eg ar der. Solveig kom ein tur klokka 20, og etter ein halv times tid eller vel det, køyrde ho meg heim. Grunnen til at Nils er så "bortreist" er først og fremst medisinen som han MÅ ha for ikkje å verke for mykje. Men kor vidt det har noko for seg at eg er der 6-7 timar for dag, det må eg vurdere. Så lenge som han fungerte bra slik at vi kunne sjå TV og prate var det noko heilt anna. Når han ligg og døser og søv mesteparten av tida, og eg sit i ein stol og les lydbok, veit eg ikkje . Eg snakkar med pleiarane og avtaler med dei kva som kan gjerast. Legen har undersøkt han, lungene er i orden sjølv om han er litt tungpusta, og i dag hadde han ikkje feber - og ikkje har han infeksjon. Men sjølve sjukdommen krev sitt.
Solveig kjørte meg heim i kveld og vi sat og prata ei stund før ho reiste ut att.
No skal eg ete litt og så skal eg få med meg det som er/har vore på TV. Sette på opptak nokre program før eg gjekk.
torsdag, mars 08, 2018
Dagbok 2018: 8.mars: Kvinnedagen.
Ragnhild kom med våren.
Klokka er 21.45, temperaturen ute er + 1grad C og det har vore overskya i dag. Kor vidt det har vore nedbør er eg ikkje sikker på, for eg har vore inne.
Ei stund etter at eg hadde stått opp ringde dei frå Heimen og fortalde at Nils var blitt dårlegare og at han hadde feber. Eg hadde snakka med dei i går kveld og avtalt at dei skulle ringe om han vart verre. Men det var ikkje kritisk, så eg avlyste ikkje venninne-turen med Ragnhild, men ho kom litt før vi først hadde planlagt.
Eg fekk fornya sertifikatet mitt, vi handla mat og eg fekk tak i det eg skulle ha på apoteket.
Så var vi heim her med varene og ho køyrde meg ut til Nils.
Eg hadde no tenkt å spandere lunsj på kafé-men eg hadde i ro på meg.
Eg var hos Nils frå før klokka 15, til etter klokka 21, og mesteparten av tida sov han. Han vakna innimellom og fekk seg drikke og litt mat. Eg trefte legen og fekk snakka med henne. Der var ingen infeksjon på gang og feberen var borte. Medisinen held det meste i sjakk og han verkte ikkje. Det viktigaste for meg er at han ikkje har det vondt. Eg testa han litt mens han var halvvegs vaken. TV stod på og der var Bjørndalen. "Kor gammal er han no", spurde eg. Svaret kom fort:"44 år". Han er klar i toppen, men i dag var hørselen borte igjen. Eg snakka med sjukepleiarane i kveld også, og har avtale med dei .Dei passar godt på Nils, så eg kan trygt fare heim.
Eg hadde lydbok med meg og fekk lese tre heile plater av Jan Kjærstad si bok BERGE. Det var ei fryd å høyre på ho som las, for ho las så roleg at ein fekk tankane med seg langsmed. Om eg berre sit der, så reknar eg med at eg avlastar litt dei som har ansvaret for han, så slepp dei å sjå inn så ofte. Eg tok ikkje imot anna enn kaffi i dag heller, så eg har ikkje ete sidan frokost. Det gjer meg ingen ting, for no har eg mat i kjøleskapet og skal snart ut og raide det.
Eg trudde eg skulle bli så bra i dag at eg kunne gå heim, men eg verkte i kneet og ville ikkje risikere å bli verre. Så eg ringde til naboen som kom og henta meg i kveld også. Eg veit at alle som stoller opp gjer det med glede, men eg synest det er vanskeleg å ta imot hjelp. Var glad så lenge eg gjekk for eiga maskin.
onsdag, mars 07, 2018
Bok nr.6 - 2018: Her hos de levende

I «Her hos de levende» fletter Levi Henriksen sin egen fars historie inn i en roman om lånte hoppski, stjålne fiskestenger og varme hender, om å gå seg vill og finne hjem.
Huset som Hermann Henriksen bygde med sine egne hender er solgt og skal rives.
Hermann som i alle år arbeidet i skogen, han som hopppet lengst av alle på ski. Og som da han var unggutt la planer om å drepe stefaren sin. Hvem var han egentlig.
Hermanns sønn har kommet til et vippepunkt i livet. Han har bruttt kontakten med sine nærmeste, og har tatt seg inn i det gamle og forlatte huset som faren bygde. Om farens oppvekst og dunkle fortid vet han lite. Med to gamle landskapsmalerier og en etterlatt 7de sans forsøker han å lime sammen brokkene fra farens liv. Og redde stumpene av sitt eget.
Huset som Hermann Henriksen bygde med sine egne hender er solgt og skal rives.
Hermann som i alle år arbeidet i skogen, han som hopppet lengst av alle på ski. Og som da han var unggutt la planer om å drepe stefaren sin. Hvem var han egentlig.
Hermanns sønn har kommet til et vippepunkt i livet. Han har bruttt kontakten med sine nærmeste, og har tatt seg inn i det gamle og forlatte huset som faren bygde. Om farens oppvekst og dunkle fortid vet han lite. Med to gamle landskapsmalerier og en etterlatt 7de sans forsøker han å lime sammen brokkene fra farens liv. Og redde stumpene av sitt eget.
Denne boka har eg stort sett lese mens eg har vore på Heimen.
Når det gjeld Levi Henriksen er eg ikkje heilt nøytral. Eg elskar bøkene hans ! Dei skildrar folk og hendingar så ekte, nakent og rått -at det er ei fryd. Her er ikkje litterære krumspring i fortid og notid. Ikkje flyttar han personane rundt heller. Han gjer det heilt enkelt, han fortel ei historie. Og historia er vond på mange måtar, men det kjem noko godt ut av det også. Som så mange andre i vår tid tek han utgangspunkt i ei sann historie, men plussar på litt ekstra. Eg kan forstå det viss somme meiner at bøkene er banale -men som sagt: Eg elskar dei!
Dagbok 2018: 7.mars
Klokka er 14.45, temperaturen er + 2 grad og det er litt snøfjom i lufta.
I dag hadde eg tenkt meg på Biltilsynet, men då eg undersøktevar det stengt om onsdagar, så no er det utsett til i morgon. Når det ikkje går som planlagt, blir det ikkje gjort noko. Verkte både i kneet og skuldra då eg stod opp, men skurdra vart litt betre etter kvart.
Klokka 15.00 skal naboane køyre meg ut på heimen, og eg har også skyss og følge i morgon. Kjekt å vere omgitt av så mange kjekke folk.Veit ikkje korleis eg skal få takka alle. Det er vanskeleg å ta imot så mykje hjelp når ein helst vil greie seg sjølv. Får håpe at eg får gjort dei ei teneste att ein gong.
Eg har ikkje høyrt frå Nils i dag, han reknar vel ikkje med at eg har vore heime. Ikkje brev i postkassa i dag.
Kl. 22.10 , minus 2 grader. Det har kome litt snø, så lite at det nesten ikkje viser. Eg kom nettopp heim frå Ørstaheimen, reiste heimanfrå klokka 15.00.
I dag var ikkje Nils bra. Han hadde verkt mykje heile dagen, fått mykje smertestillande, og meir tablettar måtte han få etter at eg kom. Då sovna han og sov i mange timar. Eg hadde med meg lydbok som eg fekk lese ut mens eg sat der.
Då han omsider vakna ville han ha litt mat og melk, men han ville sove meir, så eg kunne like godt fare heim. Han synest eg masar når eg er der og han er "sløv". Eg snakka med sjukepleiaren før eg gjekk, og ho meinte at det ikkje var så gale fatt med anna enn smertene og dei hadde dei medisin imot. Ja, kjekt er det ikkje, ikkje for meg og slett ikkje for han som ligg "bunden" til senga. Men eg er glad for at han kan vere der ute, og at han får godt stell. Om vi hadde hatt sjukepleiarar på heiltid her heime, så hadde det vore dårlegare tilbod.
I morgon skal Ragnhild køyre meg på Biltilsynet, eg er nøydd til å stresse litt med akkurat det, for sertifikatet mitt går ut den 11.mars, og det er komande sundag.
I dag hadde eg tenkt meg på Biltilsynet, men då eg undersøktevar det stengt om onsdagar, så no er det utsett til i morgon. Når det ikkje går som planlagt, blir det ikkje gjort noko. Verkte både i kneet og skuldra då eg stod opp, men skurdra vart litt betre etter kvart.
Klokka 15.00 skal naboane køyre meg ut på heimen, og eg har også skyss og følge i morgon. Kjekt å vere omgitt av så mange kjekke folk.Veit ikkje korleis eg skal få takka alle. Det er vanskeleg å ta imot så mykje hjelp når ein helst vil greie seg sjølv. Får håpe at eg får gjort dei ei teneste att ein gong.
Eg har ikkje høyrt frå Nils i dag, han reknar vel ikkje med at eg har vore heime. Ikkje brev i postkassa i dag.
Kl. 22.10 , minus 2 grader. Det har kome litt snø, så lite at det nesten ikkje viser. Eg kom nettopp heim frå Ørstaheimen, reiste heimanfrå klokka 15.00.
I dag var ikkje Nils bra. Han hadde verkt mykje heile dagen, fått mykje smertestillande, og meir tablettar måtte han få etter at eg kom. Då sovna han og sov i mange timar. Eg hadde med meg lydbok som eg fekk lese ut mens eg sat der.
Då han omsider vakna ville han ha litt mat og melk, men han ville sove meir, så eg kunne like godt fare heim. Han synest eg masar når eg er der og han er "sløv". Eg snakka med sjukepleiaren før eg gjekk, og ho meinte at det ikkje var så gale fatt med anna enn smertene og dei hadde dei medisin imot. Ja, kjekt er det ikkje, ikkje for meg og slett ikkje for han som ligg "bunden" til senga. Men eg er glad for at han kan vere der ute, og at han får godt stell. Om vi hadde hatt sjukepleiarar på heiltid her heime, så hadde det vore dårlegare tilbod.
I morgon skal Ragnhild køyre meg på Biltilsynet, eg er nøydd til å stresse litt med akkurat det, for sertifikatet mitt går ut den 11.mars, og det er komande sundag.
tirsdag, mars 06, 2018
Dagbok 2018: 6.mars
Eg fór relativt tidleg ut til Nils i dag, og kom også heim tidlegare enn vanleg. Nils hadde fått auka styrke på smerteplasteret, noko som gjorde han veldig trøtt og slapp. Då eg kom var Linda, legen, der og dei to prata om fisk og fiskeri. Då var han veldig oppglødd, men det røynte på kreftene.
Ikkje så lenge etterpå var det middag, og i dag takka eg ja til mat. Fekk gode kjøttkaker med nydelig saus-lenge sidan sist eg åt middagsmat. Men Nils greidde ikkje å ete så mykje. Han åt imidlertid opp desserten som var byggrynskrem med raud saus. Så sov han middag ei lang stund, mens eg fekk lese ei heil plate av lydboka mi.
Eg har eit mantra som eg seier til meg sjølv mange gonger for dag: "Det er noko du har gløymt !" Og det er det som regel. Det gjeld spesielt når eg forlet huset, og når eg skal legge meg.
Eg går alltid med mobilen i bukselomma, men det hender at eg byter bukse før eg fer ut på heimen, så i dag var eg utan telefon. Det var naboane som køyrde meg ut i dag, og så skulle eg ringe dei når eg ville bli henta. Men Nils hadde ikkje nummeret deira på sin telefon. Då vart det å sende melding til Solveig som leitte opp nummeret og sende til Nils sin telefon. Eg forstår nesten ikkje korleis vi greidde oss utan mobil før i tida. No er mobilen på mange måtar tryggheits-alarmen vår.
Nils ringde heim på føremiddagen i dag og ville vite om eg hadde høyrt noko om røntgen-undersøkinga. Det hadde eg ikkje, men lova han å ringe helsesenteret om det ikkje kom brev i posten. Det gjorde det ikkje, men eg ringde og fekk svar. Dei hadde ikkje funne noko gale på bilda. Så då er det vel berre å ta tida til hjelp, og unngå å gå for mykje. Då eg kom ut til Nils forstod eg at han hadde vore litt redd for at eg skulle på behandling eller liknande slik at eg ikkje kunne komme ut til han.
Han vil gjerne at eg skal vere der om kveldane- så lenge HAN orkar. Eg har sagt tydeleg ifrå om at han må seie det viss han vil eg skal gå, så han får sove.
Eg får ikkje mykje gjort om dagane, men i dag fekk eg støvsuga litt om ikkje anna. I morgon eller torsdag må eg bort på biltilsynet og få orden på førarkortet.
mandag, mars 05, 2018
Dagbok 2018: 5.mars
Klokka er 14.10, temperaturen er + 3 grader C og det er strålande vêr. Det hadde vore nydeleg å gått ut til Ørstaheimen i dag, men det kan eg berre gløyme. GÅ kan eg ikkje, men eg håper på at eg finn nokon som kan køyre meg utover. Som de ser er det fint og bert på vegen, men snøen på oppsida av huset vårt tinar ikkje mykje. Sola slepp ikkje til der. Men på nedsida såg eg at nokre blomsterløkar spirte opp.
Eg har site mykje her ved datamaskina og rippa bøker i dag, på samme tid som eg strikkar. Sidan også skuldra streikar for tida, har eg vore forsiktig med strikking, men eitkvart MÅ eg henge hendene borti. Eg er ikkje sjuk-og har mykje energi.
Korleis det er med Nils i dag veit eg ikkje. Hadde han vore i storform hadde han ringt heim, så det kan eg berre gløyme. No skal eg først finne meg litt mat, og så skal eg sjå om eg finn ein sjåfør også.
I dag kan vi gratulere Tone på Hardbakke med 63-årsdagen, Håvard i Bergen med 17-årsdagen og så er det ein av dei gamle kollegaene mine som fyller 90 år i dag.
Kl.21.25: Temperaturen er no minus 7 grader, men det er nydeleg vêr. Berre synd at eg ikkje kan gå ute og reke no.
Eg hadde ikkje før skrive på bloggen i dag, så fekk eg melding frå Solveig nabo om at ho skulle nedover klokka 14.30 viss eg ville sitte på. Så då Marit kom fordi eg hadde sendt bod på henne, kunne ho få fri. Ho ville hente meg også, så i kveld køyrde eg heim i den store bilen med Solveig og Gudmund. Eg skal sitte på med Solveig nedover i morgon også. Det var så mange naboar som var bortreist no ei stund, men eg får vel plage dei etter kvart som dei kjem heim, til eg finn ei anna løysing.
Eg sit mykje i ro når eg er hos Nils så eg har likt å gå begge vegar, men når ein ikkje greier det, så må ein berre gi seg over.
Med Nils er det ikkje så store endringar, han har ikkje så mykje vondt, men er trøytt og slapp. Kraftlaus vil eg også seie. Så han tek seg ein god middagslur kvar dag mens eg er der, så eg får lese ein del i lydboka mi.
Vi har snakka så mykje om at eg må vere så forsiktig så det ikkje vart to pasientar, men no er det akkurat det. Har ikkje høyrt noko eller fått brev frå legen, så eg veit ikkje meir om kneet mitt. Det gode er at kneet ikkje verker når eg sit i ro-då tek skuldra og armen over. Men eg har det ganske bra-alt i alt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...