Klokka er 14.45, temperaturen er + 2 grad og det er litt snøfjom i lufta.
I dag hadde eg tenkt meg på Biltilsynet, men då eg undersøktevar det stengt om onsdagar, så no er det utsett til i morgon. Når det ikkje går som planlagt, blir det ikkje gjort noko. Verkte både i kneet og skuldra då eg stod opp, men skurdra vart litt betre etter kvart.
Klokka 15.00 skal naboane køyre meg ut på heimen, og eg har også skyss og følge i morgon. Kjekt å vere omgitt av så mange kjekke folk.Veit ikkje korleis eg skal få takka alle. Det er vanskeleg å ta imot så mykje hjelp når ein helst vil greie seg sjølv. Får håpe at eg får gjort dei ei teneste att ein gong.
Eg har ikkje høyrt frå Nils i dag, han reknar vel ikkje med at eg har vore heime. Ikkje brev i postkassa i dag.
Kl. 22.10 , minus 2 grader. Det har kome litt snø, så lite at det nesten ikkje viser. Eg kom nettopp heim frå Ørstaheimen, reiste heimanfrå klokka 15.00.
I dag var ikkje Nils bra. Han hadde verkt mykje heile dagen, fått mykje smertestillande, og meir tablettar måtte han få etter at eg kom. Då sovna han og sov i mange timar. Eg hadde med meg lydbok som eg fekk lese ut mens eg sat der.
Då han omsider vakna ville han ha litt mat og melk, men han ville sove meir, så eg kunne like godt fare heim. Han synest eg masar når eg er der og han er "sløv". Eg snakka med sjukepleiaren før eg gjekk, og ho meinte at det ikkje var så gale fatt med anna enn smertene og dei hadde dei medisin imot. Ja, kjekt er det ikkje, ikkje for meg og slett ikkje for han som ligg "bunden" til senga. Men eg er glad for at han kan vere der ute, og at han får godt stell. Om vi hadde hatt sjukepleiarar på heiltid her heime, så hadde det vore dårlegare tilbod.
I morgon skal Ragnhild køyre meg på Biltilsynet, eg er nøydd til å stresse litt med akkurat det, for sertifikatet mitt går ut den 11.mars, og det er komande sundag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 12.desember
Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar