tirsdag, september 05, 2017

Dagbok 2017: 5.september

Klokka er 20.10, temperaturen er + 13 grader C og det har pøsregna i heile dag. Eg hadde diverse påbegynte prosjekt som eg hadde tenkt å fullføre før regnet kom, men då eg vakna i natt og høyrde regnet, måtte eg slå frå meg å få gjort det eg hadde tenkt.
Men eg er aldri arbeidslaus, så før middag fekk eg gjort litt kontorarbeid i tillegg til det vanlege husarbeidet. Til middag i dag hadde vi årets første fårikål, og det smakte himmelsk. Det er vel noko av det enklaste ein kan lage også, eg vil nesten påstå at retten lagar seg sjølv. Eg kjøpte lammekjøt då Solveig og eg handla på Bunnpris i går, og eg vil ikkje påstå at kjøttstykka var fine, men det var norsk lam og det smakte godt.
Ja, eg sneik meg ut ei lita stund også og klipte opp dei tjukke "stilkane "som eg hadde slengt frå meg på plenen i går. Det blir ein slags ved etter kvart. Likar å ha det ryddig rundt meg, og gjer så godt eg kan. No i kveld gjekk eg ut og rydda i klungerdungen som var att, sorterte det som skal malast opp i frå det som skal bli "ved". Dessuten fekk eg spylt og reingjort klipparen, så kanskje han sluttar å ryke.
Elles har eg fullført kjøkkenklut nr. 2 og kome godt i gang med nr.3.
Det har vore ein god dag fordi Nils har vore i bra form. Trur det hjelpte litt at han fekk ordna med førehandsrøysting. Han ringde sørviskontoret på rådhuset for nokre dagar sidan, og fekk til svar at han kunne ta taxi ned på Rådhuset og stemme. Men han er avhengig av rullator eller rullestol, så det er ikkje heilt enkelt. Så fekk han høyre at dei mange stader kjem heim til dei som er uføre, så han ringde ned att i dag. Då fekk han til svar at då måtte han gå inn på heimesida deira på data og søke om det. Ikkje alle sjuke 80-åringar er like flinke med data, men eg fann heller ikkje ut av det så raskt. Då ringde han direkte til fungerande rådmann som vi kjenner godt. Eg har hatt han som elev, Nils har jobba i lag med han  og mor hans var frå Eid. Då vart alt ordna og dei kjem heim til oss.
Fredag skal Nils til fastlegen, og no driv vi og undersøker om der er rullestolar(transportstolar) på legesenteret, slik som på sjukehuset, men det er der visst ikkje. Solfrid kreft-koordinator ville ta det opp, for ho tykte det var ein god ide å ha det.
Eg seier som eg har sagt så mange gonger at dette siste året (eller vel så det) har eg lært utruleg mykje. Ikkje minst om helsevesenet og eldreomsorga.Vi høyrer som regel berre om det som er gale, men jammen er det mykje bra også. Vi har ikkje grunn til å klage i alle fall.
Eirik ringde akkurat mens vi åt middag, så det vart ei heller kort samtale, men han hadde det bra og han hadde halde konsert, veit ikkje om han var åleine eller i lag med andre. Han likar seg i alle fall godt på skulen.

mandag, september 04, 2017

Dagbok 2017: 4. september



Klokka er 21.15, temperaturen ute er + 16 grader C, og vi fekk enda ein varm og fin dag.
Eg hadde tenkt å starte med eit nytt prosjekt i dag.Og det gjorde eg. No er det den store klunger-rosebuska som skal bort.Rosa Moyesi heiter den og er vakker nok, men den veks seg så altfor stor, og er eit problem med alle dei spisse tornane sine- når vi skal klippe plen eller plukke plommer. Eg rigga opp kompostkverna og sette i gang å klippe greiner, Fekk klipt alle toppane med hagesaksa, men må nok til med sag lenger nede. Den tid den sorg.
Nils er så sløv tidleg på dag at han saknar meg ikkje om eg er ute eit par timar. Eg har med meg mobilen, så han kan ringe viss han vil ha meg inn att, og i dag ringde han. Det hadde kome ein mann frå Hjelpemiddelsentralen med mykje utstyr til oss begge. Nils hadde ymta frampå med sjukepleiarane at eg har problem med å høyre både telefon og dørklokke, så no fekk vi forsterkarar som virkar på både det eine og det andre -og nye brannvarslarar som er tilkopla samme systemet.
På ein skjerm i stova får vi varsel om kva det er som skjer, og så fekk vi i tillegg ein mindre skjerm, som er flyttbar. Og jammen fekk eg forsterkar til mobilen også, som eg kan bruke om eg legg den i frå meg her og der. Nils fekk dusjkrakk og fleire dørstokkovergangar som han køyrer over med rullatoren sin. Eg synest vi får mykje god hjelp.
Sidan eg måtte assistere litt, kom eg meg ikkje ut att for å jobbe med prosjektet mitt før etter at vi hadde ete middag. Då fekk Nils slappe av heilt til HBO-en kom klokka 16.30. Eg blei ikkje ferdig med jobben min i dag, men det skal visst vere opplett i morgon også.
Solveig sende melding om at ho kom i 17.30-tida, så då rakk eg å dusje og vaske håret før ho og eg hadde ein liten handletur-det er utruleg kor sveitt ein blir av hagearbeid ! Men eg likar det.
Då vi kom ned på Amfi oppdaga eg at lommeboka mi ikkje låg i veska mi, der ho skal ligge,  men eg fekk Solveig til å ta ut kontantar- som eg betalte henne att då vi kom heim.Eg plar nesten aldri ha pengar, berre kort, og fekk problem når eg skulle betale, leita fram anten for mykje eller for lite, og til alt overmål er jo pengane annleis enn før.
Vi drakk kaffi då vi kom heim, og Solveig plukka med seg plommer hein. Rivers Early er nesten overmodne, men veldig gode. Opal har vi i massevis, men dei er noko smaklause i år.
No ser Nils fotballkamp. Han er ikkje heilt i strøk for tida, men er relativt bra om kvelden.








søndag, september 03, 2017

Dagbok 2017: 3.september


Klokka er snart 19.00 og temperaturen er + 19 grader C. Det har vore fint og varmt i heile dag, men vi har halde oss inne for det meste. Har ikkje noko val eigentleg. Eg plar no vere bra mykje ute om kvardagane, for då er det ting som må gjerast. Om sundagane gjer vi ikkje hagearbeid - så då må eg prøve å få gjort litt inne. Ingen vits å vaske og støvsuge så lenge eg går ut og inn og dreg med meg gras og barnåler.
Nils er ikkje i form for tida, særleg om morgonen og på føremiddagen er han slapp og sløv. Han kom seg opp til normal tid i dag og fekk i seg både tablettane og frokosten, og så sovna han. Det er også heilt normalt-han får mykje medisin! Då han vakna ville han dusje og barbere seg og skifte til reine klede, det er ein heil jobb for han; han er sliten etterpå. 
Eg vaska badet etterpå og tok kjøkkengolvet med det samme, og så laga eg middag.
Det er ikkje alltid Nils har lyst på mat, og slett ikkje all slags mat, men i dag ville han ha kvit bacalao. Vi planla det i går, slik at eg hadde lagt i vatn klippfisk. Det er litt styr å lage det, mange prosessar, men lettvint å servere og å ete. Eg sette i gang oppvaskmaskina, men tok ein stor "handvask" ved sidan av. Vi var ferdige med middagen klokka 15 ca. Men vi skulle ikkje drikke kaffi før HBO hadde vore her, og ho kom ikkje før 16.30. Men no kjem dei berre ein gong for dag. Det er i grunnen heilt greitt.
Nils kjem seg til utover dagen, men hofta har ikkje blitt noko betre etter strålinga, derfor sit han i stolen sin og ser TV mykje av dagen. Vi har søkt om å få rullestol, men ikkje fått det enno. Eg synest det er trasig at han må sitte inne heile dagane når det er så fint vêr.
I dag begynte eg på den første kjøkkenkluten til Solveig. Eg fekk tydelig oppskrift, så det er inga sak. Solveig kjem truleg ein tur i morgon, det er bra, for shoppingpartnaren min har reist på pensjonisttur. Ingeborg kjem heim ein tur på torsdag.

For at alle naboane som er ute og fartar skal få lyst å komme heim att snart, viser eg bilde av kor fint det er her no.

lørdag, september 02, 2017

Dagbok 2017: 2.september

Klokka er 19.00 og det er sol og fint ute, det har det vore i heile dag. Temperaturen i skuggen er + 16 grader C.
I dag skulle Øystein og Håkon ha båten på land for reingjering.Vi rekna med at dei kom relativt tidleg sidan det var flo ca. kl.9.30. Eg plar stå opp klokka 8.00 kvar dag, men i dag sov eg til klokka var nesten 9. Det kom kanskje av at eg ikkje sovna før det leid langt på natt. Då eg såg ut glaset, såg eg at bilen til Håkon stod der, og båtvogna var vekk, men nummerskiltet stod att i garasjen. 
Ingen ting å gjere med det, vi åt frokost og oppførte oss som vanleg. Eg laga ei vaffelrøre, stort anna vart det ikkje tid til før dei kom att. Utan båt. Den hadde dei vaska på hamna og fått på sjøen igjen, så no håper vi at Håkon snart får napp.
Eg fekk Øystein til å skifte ei lyspære i gangen mens dei likevel var her. Eg plar seie at alle som kjem på besøk blir utnytta på ein eller annan måte.
Øystein hadde med seg ei lydbok som eg rippa mens dei var her. Eg var veldig glad for den, sidan eg sleit litt med den eg heldt på med. No skal eg lese Hoem. Og når eg er ferdig med lesteparet eg held på med skal eg strikke kjøkkenklutar til skulekjøkkenet på Hareid, Solveig sende garn og oppskrift. Gler meg til det.

Eg vart ikkje heilt ferdig med plenklippinga i går kveld, for klipparen begynte å ryke. I dag starta eg opp att, men etter ei lita stund rauk det igjen. Eg har sjekka oljen, eg har grave bort gras rundt kniven etc. så eg forstår ikkje kva som er gale. Eg tok fram den gamle elektriske klipparen og dei to lange skøyteledningane og fekk klipt ferdig. Den klipparen sviktar aldri, det som er aberet med den, er ledningane. Sidan eg likevel hadde ledningane ute, brukte eg kantklipparen også. Det er i grunnen det eg har gjort i dag-i tillegg til å steike vaflar. 
Margrete stod på stand i Volda og kom ein tur hit etterpå, så vi fekk sjå og beundre bilen. Eg fann ut at eg ikkje trong å fare på butikken-så det blei ingen tur.
Margrete hadde med seg restlageret av partiroser. Etter at vi vart att åleine tok eg ein tur ut og styrte litt, saga litt meir av skulpturen min, blant anna.
Nils har vore rimeleg bra i dag, men han plagast framleis med hofta og med magen. No bur vi oss på ein lang TV-kveld med song og dans




fredag, september 01, 2017

Dagbok 2017: 1.september

Klokka er 19.30, temperaturen er + 13 grader C, og i dag har det stort sett vore opplett. Litt har det vel regna?  No er det meldt betre vêr, men sommaren er uansett over for denne gongen. Dagane vert kortare og kveldane mørke, men det er ikkje så mykje å gjere med det.
I dag var Nils slapp på føremiddagen, slik han som oftast er, utover dagen kvikna han til. Som vanleg.
Eg var litt i tvil om kva eg skulle bruke dagen til-det er så altfor mykje å velje mellom. Litt husarbeid blir det alltid, og så rydda eg litt i hagen osb. 
Til middag laga eg gryterett med poteter til. Nils har ikkje så god appetitt som han hadde ei tid, men han får i seg nok-trur eg. 
Etter middag skulle han kvile; eg var trøtt sjølv, men om eg søv på dagtid kan det straffe seg når natta kjem. Derfor rusla eg ein tur ned på Kiwi og handla litt- ikkje meir enn at eg lett kunne bere det heim. Følte at eg trong litt mosjon. Eg har hatt problem med venstre hofta og foten sidan 2004, men i går greidde eg å renne meg på ei seng borte på sjukehuset, så no har eg mest vondt i høgre foten. Det er ikkje alvorleg-berre dumt, og ikkje så gale at det hemmar meg på nokon måte.
HBO-en kom klokka 16, og Nils fekk sprøyte, etterpå fekk vi kaffi og is begge to.

Eg har gått og sett på det lange graset, og venta på at det skulle bli tørt nok til å slå. I dag tok eg sjansen. Fekk klipt rundt huset og ovanfor garasjen, men så begynte det å ryke av klipparen. Det har hendt før, så eg tok ein pause mens den kjølte seg ned, men då eg starta opp att rauk det like gale. Naboen kom og såg på maskineriet, men heller ikkje han fann ut kva som feilte. No får klipparen stå i garasjen over natta og sjå om han tek til vitet.
I morgon skal Øystein og Håkon ta båten på land og vaske den. Så skal den på sjøen igjen. Nils drøymer enno om kald, kokt makrell-det har han ikkje fått i år. Men ikkje veit eg om her er makrell å få lenger.
No ventar vi på siste besøket av HBO i dag, og etterpå blir det kveldsmat. 
I dag var det ingen "Kakekrig" men det er no bra med program både fredag og laurdag. Margrete kjem ein tur i morgon, då blir det kanskje ein liten handletur i nyebilen.
Ønsker alle ei god helg.


torsdag, august 31, 2017

Dagbok 2017: 31.august

I dag er det 118 år sidan pappa vart fødd. Han var fødd i Horten, men døypt i Oslo, der mor hans kom frå. Seinare flytta dei til Skarnes der far hans, Olaus Strøm var stasjonsmeister. Pappa var ikkje meir enn 11 år gammal då far hans døde. Bestemor  gifta seg seinare med Eivind Os frå Eid, og dei flytta dit. Då var pappa ca. 17 år.
Ved dåpen fekk pappa namnet Storm , eit namn som eg tykte var veldig flaut, men som eg trur var moderne på den tida. Namnet har fått ein renessanse no. Eg tenkjer alltid litt ekstra på pappa på fødselsdagen hans. Siste dagen i august var liksom slutten på sommaren i min barndom, for skulen tok alltid til 1.september, så sant det ikkje var på ein sundag. Og Besta, mormora mi, hadde fødselsdag samme dagen, ho var akkurat 20 år eldre.Eg synest det er rart at fart min var fødd på 1800-talet. Så vidt.
........................................................................................
Klokka er no 20.10, og HBO-en har vore her for andre og siste gong i dag.
Dagen har vore litt spesiell, men no er vi i rute igjen. Eg står alltid opp ei stund før Nils, det gjorde eg i dag også, men så kom det ein sjukepleiar heilt uventa og skulle ta blodprøve, i går sa dei at det skulle utsettast til fredag. Men eg fekk no Nils fram frå senga så alt gjekk greitt. Vi fekk resultatet før vi reiste til Volda med drosje klokka 11.00. Dei måler blodprosenten og infeksjonsverdiane. Blodprosenten hadde gått opp sidan sist, og infeksjonsverdien er framleis på 0, takka vere medisinane han får.
Det vart ein del venting på sjukehuset før han fekk sprøyta, og så vart det enda lenger å vente på drosjen som skulle ta oss heim. Nils har problem med å sitte når han ikkje har godstolen sin, så han var heilt gåen då vi kom heim. Han gjekk rett inn i senga og la seg der, mens eg nytta høvet til å støvsuge alle teppegolva.
Då han stod opp att var han "frisk og rask" og fekk både mat og kaffi før det vart "Kakekrig". 
No skal vi snart ha kveldsmat, vi plar vente til heimesjukepleiaren har vore her.
I dag har Margrete fått den nye bilen sin. Ho hadde ein blå Kia, no har ho kjøpt ein raud av samme merke.

onsdag, august 30, 2017

Dagbok 2017: 30.august

I går vart eg ferdig å rydde på hogstfeltet mitt. No spørs det kven som skal få opp rota.

Dei to opalplommetrea vi har att ser ikkje ut. Det har regna plommer i heile sommar, og dei som heng att og vert modne smakar ingen ting. Mange greiner er brotne, så trea må nok beskjerast kraftig når så langt kjem. Eg kjem ikkje til å bli arbeidslaus med det første.

Klokka er 19.50, temperaturen er + 13 grader og i dag har vêret vore så ymse. Kraftige regnbyger, men sol og fint innimellom, særleg før middag. Eg var ute ei stund og saga opp greiner frå grana, med hand, og fylte ein sekk med ved. Det kan komme vel med. Men det står ein god del att av grana, som har nokre voldsomme røter. Eg tek meg slike arbeidsøkter for å komme meg ut i frisk luft, og så får Nils kvile imens.
I dag vakna han i bra form og han har hatt ein relativt god dag. Det som eigentleg plagar han mest er magen, men neste veke har han time hos fastlegen, så då får vi ta det opp med han. I morgon er det som sagt sjukehuset klokka 11.30.
Elles har det hendt veldig lite i dag, men dagen går som ein røyk likevel. Nils ser mykje TV, og så blir det til at eg sit og strikkar og held han med selskap. Skulle nok ha klipt plenane, men det er altfor vått til det no. Gjer litt anna hagearbeid innimellom, men det går mest ut på å forenkle -og halde nokolunde orden.
I dag har eg leita fram nøklane til båtvogna og sjekka opp at vi har skurekostar og vaskemidlar, for laurdag skal båten på land for eit årleg vask. I fjor vart han liggande ute heile hausten og vinteren. Det er Solveig som er "skipsreder" no - så Nils kan slappe av.No har HBO-en vore her, så då kan vi ete kvelds og slappe av. Sovna etter middag begge to, så vi treng ikkje legge oss så tidleg.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...